Viktig melding

Lukk meldinga

Vil du vera gjestebodsvert?

No kan du vera med og påverka korleis Vigrestad sentrum skal sjå ut i framtida. To trainee utenfor Vigrestad stasjon - Klikk for stort bileteTomine Netland og Katrine Haugland har nyleg begynt som trainee i Hå kommune. 

Har du nokre tankar og innspel om korleis Vigrestad sentrum skal sjå ut i framtida?

Hå kommune er no på leit etter nokon som ønsker å stilla som gjestebodsvertar. Som gjestebodsvert vil du få ansvaret for å invitera inntil åtte gjester som saman skal diskutera ulike tema og koma med innspel til sentrumsplanen. Kven du inviterer og korleis du ønsker å gjennomføra gjestebodet hjå deg, bestemmer du sjølv. Det skal vera enkelt, givande og kjekt å halda gjestebod. Frist for å melda seg som gjestebodsvert er sett til 31.08.22.

Høyres dette ut som noko for deg, eller du har nokon spørsmål, ta kontakt på med Tomine Netland og Katrine Haugland. Dei har nettopp starta som trainee ved tekniske saker og næring i Hå kommune, og skal blant anna jobba med sentrumsplanen.

Telefon: 47 50 62 16

E-post: vigrestadsentrum@ha.kommune.no