Viktig melding

Lukk meldinga

Velkomen til drøs om den nye kommuneplanen!

Har du spørsmål og idear til den nye kommuneplanen?

Kommuneplanen er kommunen sin viktigaste plan. Det legg føringar for korleis både du og barnebarna dine skal leva og bu i Hå kommune framover. 

Avdeling for samfunnsutvikling inviterer til drøs. Representantar frå avdelinga vil då vera tilgjengelege for å svara på spørsmål, lytta til idear og informera om den pågåande prosessen på følgande tider og stader: 

  • Fredag 8. oktober klokka 14.00-18.00 – Amfi Nærbø
  • Fredag 22. oktober klokka 14.00-18.00– Spar Varhaug
  • Fredag 29. oktober klokka 14.00-18.00 – Extra Vigrestad
  • Onsdag 3. november klokka 14.00-18.00 – Biblioteket på Ogna 

Stikk innom oss!