Vegarbeid i Opstadvegen til juni 2025

Me skal bytta ut vass- og avløpsrør i Opstadvegen på Nærbø.

Frå september 2024 til juni 2025 skal Grunn-Service utføra VA-sanering for Hå kommune på Nærbø. Området som vert påverka er frå innkøyringa til Austringen og sørover mot Varhaug til innkøyringa til Kviræget.

All gjennomkøyringstrafikk vil bli omdirigert via Store Ring i denne perioden.

Slik vil ferdselen i området verta påverka (sist oppdatert 24. september):

Kart som viser vegstenging og alternative trasear på Nærbø. Grafikk - Klikk for stort bilete

Køyrande (Blå piler og felt):

  • Bebuarar i Edlandsvegen og Markavegen må køyra via Parkvegen.
  • Skjeraberget har ny innkøyrsel/utkøyrsel over «leikeplass» i Bølia.
  • Det er ikkje mogleg å køyra gjennom Skjeraberget.

Syklande og gåande (Gul stipla linje):

  • Sykkelsti på begge sider av anlegget er stengt for ferdsel.
  • Trasé for syklande og gåande er langs Hestabakken – ikkje Bølia (som tidlegare i september).

Kontaktpersonar: