Viktig melding

Lukk meldinga

Soping i kommunen

Ein lang og krevande vinter med mykje bruk av sand og grus gir utfordringar med vårsoping av vegar i kommunen.

Dette er eit tidkrevande arbeid, og den lange vinteren gjorde at me ikkje kom i gang med arbeidet så tidleg som ønskeleg. Me prioriterer gang- og sykkevegar, sentrumsområde og ruter kor 17. mai tog skal gå. Me ber om forståing for at det framleis vil ta mange veker før arbeidet er ferdig, og at nokre område ikkje vil vera ferdig til 17. mai.