Viktig melding

Lukk meldinga

Set av datoen – 6. august blir det sommar, seglskute og god stemning i Sirevåg

Statsrad Lemkuhl i Sirevåg - Klikk for stort bileteHå kommune satsar på folkeliv når «Statsraad Lemkuhl» kjem på besøk.

Her finn du program og meir informasjon

Dei siste åra har NRK hatt stor suksess med sommarsendingane sine, med både båt, tog og bil på tur gjennom heile landet. I år heiter storsatsinga «Sommerskuta», med start utanfor Nordkapp 6. juli og avslutning utanfor Arendal 15. august. Seilasen skjer med det 107 år gamle skuleskipet «Statsraad Lemkuhl».

Det vert tre stopp i Rogaland i år. Skuta legg til kai i Kopervik 4. august, Lysebotn 5. august og Sirevåg fredag 6. august.

– Me er veldig glade for at NRK nok ein gong vel å legga turen innom Hå kommune, seier kommunedirektør Anne Berit Berge Ims.

– Saman med folkevalde og tilsette i Hå kommune, og ikkje minst Sirevåg velforening med sine mange frivillige hjelparar, ser me på moglegheitene for å få til eit folkeliv trass i ein pandemi, fortel ho.

I 2017 stoppa «Sommertoget» på Brusand, og i Sirevåg har det fleire gonger vore store folkefestar i samband med Tall Ships Races.

Etter eitt og eit halvt år med lite sosialisering er håpet at det går an å få til litt liv og røre i Sirevåg den første fredagen i august. På grunn av korona-situasjonen legg ikkje NRK opp til store kveldssendingar med mykje folkeliv på kaiane dette året. «Statsraad Lemkuhl» kjem ikkje til Sirevåg før rundt klokka 22.30 på kvelden, som ei avslutning på dagens direktesending – men velkomsten skal i alle fall verta varm.

– Me satsar på å ha ein del program i Sirevåg i løpet av ettermiddagen og kvelden, så blir innseglinga det store høgdepunktet. Korona påverkar så klart omfanget av arrangementet vårt og kor mange menneske me kan samla på kaien, men me ser i utgangspunktet for oss ein fin kombinasjon av kultur og mat, med underhaldning og aktivitetar for både store og små, seier Berge Ims.

– Så set av ettermiddagen og kvelden! Me kjem med meir detaljar før sommarferien, varslar kommunedirektøren i Hå.