Viktig melding

Lukk meldinga

Påskehelsing

Påske og vår er tid for forventning. Lysare dagar, påskeliljer, vårblomar og vårvinne på gardane gir forventning om ein sommar som skal koma.

Me ser fram til ein vår utan smitterestriksjonar og det meirarbeid og hindringar pandemien har ført med seg. Me tenkte kanskje at denne våren skulle verta rolegare. Slik vert det ikkje for mange av oss. Så langt bare anar me følgene av krig og endra forsyningssituasjon. Me er i ferd med å ta imot fleire menneske på flukt enn me nokon gong har gjort før.

Det er gildt å sjå kor mykje velvilje og innsatsvilje som både tilsette og frivillige i kommunen viser.

Så må me rekna med at den uvissa me lever i vil kunna fortsetja i tida framover, for oss alle, både tilsette i kommunen og for innbyggjarane elles. Størst er usikkerheita for dei som kjem til oss som flyktningar. Dei som ikkje veit kor dei kjem til å vera om eit år, eller korleis familie og venner i heimlandet verkeleg har det.

Takk til alle som jobbar i helsetenester, skule og barnehage – til alle i kommunen og som i halen av ein pandemi fortsatt har motivasjon til å stå på for dei som treng det mest.

Takk til alle som tek imot med opne armar av frivillige lag og foreningar som nok ein gong gir av fritida si. Me får håpa på ein ny vår i Europa, ein vår med forventning om lysare dagar på alle vis.

Sommaren kjem med varme. Mellommenneskeleg varme. 

Me har nettopp levert denne vesle påskehelsinga frå oss alle til flyktningane ved akuttmottaket på Nærland. 
Me vil ønska dykk alle ei fin påskehøgtid! Ta vare på kvarandre.


Påskehelsing frå Jonas og Anne Berit
Ordførar og kommunedirektør