Viktig melding

Lukk meldinga

Ordførar Jonas sin nyttårstale 2023

Etter to år utan nyttårsmottaking i Hå, kunne ordførar Jonas Skrettingland endeleg invitera til nyttårstale og prisutdeling 1. januar.

Dei som var til stades i Jærmuseet på den første dagen i 2023 fekk høyra nyttårstalen live. I tillegg kan du sjå videoversjon av talen på nettsidene til Jærbladet.

Her er tekstversjonen:

Nyttårstale 2022 – 2023

Godt nytt år!

For to år sidan sa eg at «under koronaen» kom til å verta ei ny tidsrekning. I fjor, var eg forundra over at me fekk eit tilbakeslag og måtte utsetja nyttårsmottakelsen nok ein gong. Dette året er eg vel heller forundra over kor fort me legg slike ting bak oss og gløymer kor inngripande det var. Fremdeles hentar folk koronatestar i gangen på rådhuset, og folk testar positivt som aldri før, men for dei fleste går livet vidare som om korona allereide har vorte eit framandord.

Det er nye hendingar som får vår oppmerksomhet. Då kommunedirektøren i haust la fram økonomiplanen for dei neste åra, var overskrifta «stram styring i urolege tider». Sjølv om det kjennest fredeleg i Hå, med julepark og vinterlys, med familieselskap og vennelag, med berettiga håp om lysare dagar og kortare netter, er det urolege tider. Ukraina har kome mykje nærmare. Me som trudde at krig var noko dei heldt på med i andre og mørkare deler av verda, har sett at gammaldags krig er noko me held på med i Europa og. Me begynner å forstå det, og me ser at det har følgjer både for dei som er direkte berørt og for oss som er meir på avstand.

Me har passert 19.500 innbyggjarar i Hå, og me nærmar oss 20.000. Eg hadde ikkje tenkt at folkeveksten skulle koma som resultat av krig. At dei nye Hå-buane skulle vera folk som måtte forlata hus og heim for å berga livet. Me fekk i fjor 165 nye Hå-buar i form av flyktningar, dei fleste frå Ukraina. Det var ingen diskusjon i kommunestyret då førespørselen  om å ta imot flyktningar kom. Eg reknar med at det same vil skje når me om litt skal behandla spørsmålet om å gjera klar for 170 nye innbyggjarar dette året. Vårt arbeid med å ta imot, vert lite samanlikna med belastninga dei har, dei som må flykta heimlandet. Samtidig er det slik at kommunalt tilsette i helse, i barnehage og skule, i flyktningeteneste osv. tek på seg eit betydeleg meirarbeid. Då er det fint å sjå at både tilsette og frivillige stiller opp når det trengst. Hå kommune sin visjon om å løfta i lag er meir enn festtale. Det skal nok merkast meir å ta imot nye Hå-buar i året me går inn i. Det minkar på ledige husvære, så det vil nok kreva meir av oss. Men har me hjerterom, skal me nok få det til. Og eg vil inderleg håpa at dei som kjem, vert møtt med hjarterom. Dei tilbakemeldingane eg får i så måte, er gode.

Krigen får følger for oss alle i form av straumprisar og matvareprisar. Det kan vera vanskeleg for mange. Samtidig er butikkhyllene like fulle av matvarer. Matforsyning er fremdeles eit teoretisk ord for oss, noko samfunnsplanleggjarane bekymrar seg for, ikkje me andre. Det kan av og til vera nyttig å løfta blikket og samanlikna seg med andre land. Det er ikkje sikkert at me skal ta det for gitt at me skal kunna henta det me måtte ønska i butikken til eikvar tid.

Me som har vokse opp etter andre verdenskrigen har opplevd eit samfunn med materiell vekst år for år. Me har lært å ta det for sjølvsagt at me skal få det betre og verta rikare år for år. Kan hende er ikkje verda alltid slik. Urolege tider er for mange noko nytt.

Husdyrkommunen Hå med sitt omfattande landbruk kjenner på urolege tider. Jubelen over tidenes jordbruksoppgjer tagna utover sommaren og hausten, då prisane på viktige innsatsfaktorar som energi, kunstgjødsel, kraftfor og byggjevarer skvatt i veret. Byggjeprosjekt har vorte lagt på is, traktorkjøpet sett på vent, og bønder kjenner på uro. Varhaug-møtet om fire veker, med tema om lønsemd i landbruket skal nok verta godt besøkt dette året og.

Anna næringsliv kjenner på same uroa. Mange kjenner seg ikkje igjen i beskrivelsane av eit næringsliv som «går så det susar». Arbeidsløysa i kommune  er likevel historisk låg. La oss håpa at det kan fortsetja slik. Me treng bedrifter med solide arbeidsplassar. Me treng arbeidsplassar for dei som flytter til og også. Førjulstida er sesong for gullklokker og medaljar for lang og tru teneste. Dette året var eg og innom ei familiebedrift som markerer 100 års samanhengande virksomhet, der dagens leiar er 4. generasjon i familien. Me treng vilkår for næringslivet som gjer det mogeleg å driva over tid.

Eg pleier å seia at det viktigaste me gjer i regi av Hå kommune, er dei tenestene me leverer. Me er der for at innbyggjarane i kommunen skal ha gode liv. Dei 1421,1 årsverka som me har skal gjera det slik at ungane får ein god oppvekst, me vaksne skal ha trygge omgivelsar og dei gamle skal ha det godt. Kommunen omfamnar liva våre frå fødselskontroll til gravferd. Og det er mange tilsette som gjer alt dei kan for at dette skal vera ei god omfamning.

Året 2022 hadde og ei omfamnig for Hå. Året vart omfamna av to oppslag på riksmediene. Det starta med nyttårsrakettar på avvegar, og enda med drapstrusler mot ordførar og varaordførar. Det er det ekstraordinære som får oppmerksomhet. Det ordinære, det trygge og gode får sjeldan oppmerksomhet. Og det er heldigvis det ordinære det er mykje av. Spennande dagar i lag med trygge vaksne i barnehagen. Lærerike dagar med meistring og innhald i skulen. Tryggjande besøk av heimehjelp og sjukepleie i leilighet og hus. God pleie når det er det som er nødvendig. Byggjande aktivitetar organisert av frivillige lag og organisasjonar, med aldri så lite støtte frå kommunen. Det kjem lite på fjernsynet om slikt, men det er det som betyr noko.

Noko anna som betyr mykje, er det vi får til av kulturaktivitetar i lag. Arrangement set kommunen på kartet på ein god måte. «Jul i parken» var eit slikt arrangement. Vi arbeider nå med nye besøk av store seglskip i Sirevåg til sommaren, Tall Ships Races. Det skal verta folkefest i lag med aktivitetane «barn i Juli» og «ung i Juli». Gode tilsette i lag med frivillige gjer det mulig.

Kommunale prosessar tek tid. Dei er til tider ganske omfattande.

Formannskapet har denne perioden kosta på seg ein studietur like til Randaberg. Der såg me korleis ein sentrumsplan er i ferd med å ta steget frå plan til verkeleghet. Noko begynte å ta form. Det same skjer på Bryne og på Ålgård. Etter år med planlegging og involvering av private eigarar, begynner sentra å ta form. Det skjer og hjå oss sjølv, men det skjer gradvis.

Planarbeid er noko av det viktigaste arbeidet som skjer på kommunehuset. Det set retningen for utviklinga framover. På siste kommunestyremøtet i desember la kommunestyret ut ny kommuneplan på første gongs høyring. Eit stort arbeid om korleis politikarane ser føre seg Hå kommune framover. Så skal innbyggjarane koma med sine kommentarar.

Det er andre planar som alt er ferdige til realisering.

På Nærbø er Torggata i ferd med å verta den fine porten inn til eit fornya Nærbø sentrum. Flaumsikring og fornying av avløpsnett syner lite etterpå, men det vert lagt ned ganske mykje både krefter og pengar for å få det på plass. Vedtak vert gjort, og stega vert tatt eitt for eitt. Bane NOR planlegg ny Nærbø stasjon i samanheng med vår sentrumsplan. Eit stykke fram, men me har tatt dei første stega.

Det som ofte er utfordringa i sentrumsutvikling, er ulike eigarar med ulike tankar for utvikling. På Varhaug har Hå kommune kjøpt to sentrale sentrumseigedommar som no gjer det mulig å planleggja heile sentrumsområdet under eitt. Ja, det kan gå mange år før alt er på plass, men dette året er det lagt eit godt grunnlag for ei spennande utvikling av heile området rundt kommunehuset vårt, eller rådhuset som det så flott heiter. Med ny sentrumsplan og hand om sentrumseigedommane, ligg alt til rette for ei spennande framtid for Varhaug sentrum.

På Vigrestad er arbeidet med ny sentrumsplan så vidt starta. Utgangspunktet med eit fint og tenleg torg i hjarta av Vigrestad er godt, og det vert spennande å høyra korleis folk tenkjer om vidare utvikling. Vedtaket om ny skule sette fart i diskusjonen om sentrum. Kommunale prosessar tek som sagt tid, men det er gjort viktige vedtak dette året for Vigrestad si framtid.

Stokkalandsmarka begynner å røra på seg igjen, med salg av tomter. Me ser og at hus vert rimeleg raskt omsette i marka. Her nærmar og arbeidet med sentrumsplan seg ein ende. Grunnlaget er lagt, og kursen er sett.

Steget med å kjøpa ein eigedom sentralt på Brusand er og med på å leggja grunnlaget for sentrumsutvikling. Men spør vi folket på Brusand, vil dei nok seia at det hastar meir med ny barnehage. Og det har dei rett i. Så mykje meir er det ikkje å seia om det.

Det vart stor diskusjon om ny plan for indre hamn i Sirevåg på tampen av året. Nå er planen vedteken, og småbåthamna er bestilt, så akkurat den delen av utviklinga frå plan til verkeleghet skal i alle fall gå fort.

Det skal gå fortare med småbåthamna enn frå plan til verkeleghet på Høyland skule. Men der er omsider nye vindu og tak på plass. Er retningen sett, når vi som regel målet.

Eg har brukt tid på sentrumsutvikling i dag. Tidleg i talen understreka eg viktigheten av næring. Då er det og viktig at det er avsett område til næring i ny kommuneplan. Og ja, det er ein del av planen. Det er og kjøpt areal dette året avsett til næring på Nærbø, aust for Krusemarka.

Kommunestyret tilset bare i ei stilling i kommunen. Det er kommunedirektør. Resten er delegert til kommunedirektøren. Dette året takka Anne Berit Berge Ims for seg i Hå. «Det vert vel trist for deg når Anne Berit sluttar», sa folk. Ja, sa eg, og tenkte at det er kanskje ikkje så vanleg at folk flest i kommunen tykkjer at dei kjenner kommunedirektøren personleg. Men slik var det med Anne Berit. Så er det ikkje så uvanleg at kommunedirektørar flytter på seg etter ein del år. Og det kom oss til gode då kommunedirektøren i Sauda valgte å koma til Hå. Eit tilsetjingsutval gjorde eit grundig arbeid, og enda opp med ein trygg og erfaren leiar til å ta Hå kommune vidare i urolege tider. Eg vil seia Rune Kloster Tvedt hjarteleg velkommen til Hå.

Så er kommunen meir enn tilsette. Det er frivillighetens år dette året. Seinare skal eg dela ut frivilligpris og kulturpris. Begge prisane går til folk som kvar på sin måte representerer viktig aktivitet i Hå kommune. Frivilligheten held kommunen i hop. Verken meir eller mindre.

Så skal me og heidra folk som set Hå på kartet med prestasjonar som er verd å leggja merke til. Det gler eg meg til. Så må det vera lov å ta fram håndballspelarane spesielt. Turen til Romania i lag med den gjengen som har gitt oss «stolte øyeblikk» gong etter gong, år etter år, var eit høgdepunkt for meg i 2022.

Så vil eg og takka politikarane for innsatsen i året som gjekk. Det ligg meir arbeid bak eit kommunestyremøte enn folk flest anar. Me har gode politikarar i Hå. Folk som veit å løfta i lag, trass det som både er og bør vera av politisk uenighet.

Så er det valår i år. Folk takkar for seg, og nye seier seg villige til å stilla til val. Det er alltid interessant å sjå kven folk vi ha til å styra den gode kommunen vår. For det er ein god kommune i eit godt land, trass urolege tider.

Så takk for det vi hadde i lag i året 2022, og godt nyttår!