Viktig melding

Lukk meldinga

Ny telefontid i servicetorget

Hå kommune svarar på telefon alle kvardagar mellom 09:00 og 14:00.

Har du høyrt om Kommune-Kari? 

Dette er vår Kommune-Kari! Vår heilt ekte og heilt eigne kvardagshelt i servicetorget i Hå kommune!

Vår Kari svarar på mailar og meldingar på sosiale medier frå innbyggarar, ho tek imot gjestar til rådhuset, hjelper til med å fylla ut søknadar, hjelper til med booking, behandler saker og gjer klart til vigslar på rådhuset.

Ho er omsorgsfull, triveleg og veldig gild å snakka med! Derfor er det mange som likar å ringa til Kari på 51793000. Kommune-Kari får spørsmål om alt frå kva me skal gjera med ein skada sel på stranda til korleis du skal få gjestene til å gå heim. Og Kari kan svara på det aller meste! (Viss det er noko ho ikkje kan svara på, støttar ho seg på kloke kollegaar.)

Kommune-Kari får mange telefonar og vil gjerne hjelpa alle. I det siste har Kari registrert at det er mykje av det ho får spørsmål om som kan løysast av innbyggarane sjølv på nettsidene våre. I løpet av dei siste åra har nemlig Kari og dei andre medarbeidarane i servicetorget jobba hardt for å laga gode digitale løysingar slik at innbyggarane kan finna fram på eigahand. Dette er noko Kari ønsker å jobba endå meir med å utvikla vidare. Derfor endrar me nå telefontida i servicetorget til 09.00-14.00.

Målet er å gjera innbyggarane i Hå meir digitale og skapa meir framtidsretta løysingar, men samtidig hjelpa alle som ikkje finn fram på eiga hand. 

Og så eit spørsmål til slutt: Me har lenge vurdert om chatboten Kommune-Kari er noko for Hå kommune? Er dette noko du ønsker deg?  Send ein e-post til servicetorg@ha.kommune.no om du har innspel.