Netto driftsresultat på 6,7 prosent

Illustrasjon med sparegris og kommunetilsette - Klikk for stort bilete

Den førebelse rekneskapen for Hå kommune viser eit netto driftsresultat på 121 millionar kroner, som er 6,7 prosent av brutto driftsinntekter.

Me har god økonomistyring takka den gode innsatsen som både leiarar og medarbeidarar gjer på dette området. Inntektene har vore vanskelege å budsjettera rett, og for 2022 har skatteutviklinga vore noko høgare enn det styresmaktene rekna med. Me har òg fått ein del andre ekstra inntekter i form av tilskot og refusjonar.

Netto driftsresultat viser inntekter minus utgifter. Noko må settast av til fond og investering. Det som er igjen, mindreforbruk («overskot»), må etter loven settast av på disposisjonsfond. Dette fondet kan seinare nyttast til investeringar eller ekstraordinære utgifter i drift, dersom politikarane vedtar det.

Netto driftsresultat

Netto driftsresultat blir på 6,7 prosent, som er 3,8 prosentpoeng høgare enn budsjettert netto driftsresultat. Dette skuldast i hovudsak auka inntekter. I tillegg er det heilt vesentleg at me har god økonomistyring i alle tenesteområda.

Resultat for drifta

Resultatet for tenesteområda og sentraladministrasjonen etter bruk av og avsetning til fond viser eit samla mindreforbruk på 0,8 prosent. Dette utgjer 9,9 millionar kr av ei total netto budsjettramme på 1,3 milliardar kr.

Frie inntekter

Frie inntekter består av skatt, rammetilskott og inntektsutjamning. Summen av dette blei 1,26 milliardar kroner, ei auke på 3,19 prosent i forhold til budsjettet og 6,76 prosent i forhold til 2021.

Auken skuldast ekstra utbetalingar i samband med koronamidler og auka marginoppgjer. Skatteinngangen i Hå var 636,7 millionar kr og er 12,2 prosent høgare enn i 2021. For alle kommunar i Noreg samla gjekk skatteinngangen opp med 12,3 prosent.

Skatteinngangen per innbyggar i Hå gjekk ned frå 81,7 prosent til 81,1 prosent av landsgjennomsnittet. Med inntektsutjamning vert den totale skatteinngangen per innbyggar 94,1 prosent av landsgjennomsnittet.

Investeringar og lånegjeld

Hå kommune sine brutto investeringsutgifter var på 173 millionar kr i 2022, ein reduksjon frå 2021 på 15 millionar kr. Dei prosjekta som er avslutta i 2022 er godt innanfor løyvingane sine. Dei største prosjekta i 2022 var oppgradering av Vigrestad brannstasjon og sanering av Torggata på Nærbø.

I 2022 er 30,3 prosent av investeringane finansiert ved lån. Kommunen si ordinære lånegjeld var på 1,141 milliardar kr ved utgangen av 2022. Reduksjonen frå 2021 er 27 millionar kr og gjeld per innbyggar har gått ned til 58 411 kr. 

64,2 millionar kr av netto driftsresultat er brukt til investering. Dette gjer at me ikkje brukar så mykje av fond som me hadde budsjettert med.

Disposisjonsfond

Samla disposisjonsfond ved utgangen av 2022 utgjer 367 millionar kr, noko som tilsvarer 20,3 prosent av brutto driftsinntekter. I tillegg kjem overskotet for 2022 som blir på 46,8 millionar kr.

Hå kommune har, slik loven krev, sett overskott for 2022 på 46,8 millionar kr. på disposisjonsfond (til seinare bruk, til dømes til investeringar).

Vidare prosess

Årsmelding og årsrekneskap for 2022 er planlagt handsama i formannskapet 25. april og i kommunestyret 11. mai 2023.