Nå kan du booka eit møte med Jonas

Ordførar Jonas Skrettingland i kontordøra si - Klikk for stort bileteHar du noko du vil snakka med ordføraren vår om?

Den siste onsdagen i månaden vil Jonas Skrettingland bruka til å treffa dei av dykk som ønsker det, til ein prat om stort og smått. Du bestemmer tema sjølv.

Onsdag 30. juni kan du bestilla eit møte på inntil 45 minutt i tidsrommet 08-15, på kontoret til ordføraren. Klikk her for å reservera tid:

Booking – ordførar Jonas Skrettingland