Viktig melding

Lukk meldinga

Kva skjer med bleiedunken?

Som du kanskje har fått med deg, er dette det siste året me har bleiedunk i Hå kommune. Det betyr at dersom du er ein av dei som har denne litle ekstradunken stående hjå deg, blir det slutt på tømminga ved årsskiftet.

Så kva skjer med dunken då, lurer du kanskje på?

Dette er din dunk. Du har kjøpt han av Hå kommune, og kan bruka han til akkurat kva du vil. Eit tips er å ta ein søppelsekk oppi og bruka han til å samla opp tomflasker som skal pantast. Eit anna tips er å ta dunken med på hytta og samla opp søppelet der. Har du andre idear? Om du ikkje vil ha dunken til dette sjølv, kan du legga han ut på Finn.no. Dunkar er tydelegvis noko folk vil ha.

Men korleis i alle dagar skal eg få plass til alt søppelet mitt nå, lurer du kanskje på?

For dei aller fleste er det nok plass i den vanlege dunken til både bleier og anna restavfall, så test først ut om du klarer deg utan å gjera noko. Kanskje du berre treng å kvitta deg med litt ekstra avfall av og til? I så fall kan du sjekka ut korleis du kan kasta ein ekstra sekk her: https://www.ha.no/ekstrasekk

Om du finn ut at du må ha større dunk, kan du kjøpa eit større sett her: https://www.ha.no/sd/skjema/HA079/

Men kvifor er det eigentleg slutt på bleiedunken, lurer du kanskje på?

Dette har vore ei ordning som ikkje har fungert slik ho skulle. Målet var å hjelpa familier med bleiebehov, men det var tydelegvis veldig mange som aldri slutta å bruka bleier.

Nabokommunane i nord har allereie slutta med bleiedunk, så me satsar på det går fint i Hå også.