Viktig melding

Lukk meldinga

Irriterer du deg over mørklagte gater?

 

Nå er det mørkare både om morgonen og om kvelden. Då merkes det godt når fleire gatelys i kommunen ikkje fungerer. Dersom du oppdagar at gatelys som ikkje lyser, kan du melda feil på Skina si side: Feilmelding - Skina AS 

Fleire stader i kommunen har det vore feil med gatelysa lenge, og det er fleire grunnar til dette.

  • Skina bestilte nye pærer og nye armatur før sommaren, men på grunn av ei oppblussing av koronaviruset i Asia har dei vorte forsinka.
  • Nokre stader er det tre/buskar i vegen som fylkeskommunen må fjerna før dei kan fiksa gatelysa. Fleire stader er det vegarbeid og då vert ofte gatelysa utkopla.
  • Nokre gatelys har feil som kjem og går - det er vanskeleg å finna feilen då lyset forsvinn rett etter at dei har utbetra. I desse tilfella er det vanskeleg å få kontroll på feilen før gatelyset har gått heilt i stykker.

Både Hå kommune og Skina håper at dette ordnar seg raskt.

Sjekk om det gjeld ein kommunal veg eller ein fylkesveg. Dersom det er øydelagte gatelys langs ein fylkesveg, må du melda feilen til vegtrafikksentralen tlf 175.