Inn på tunet – bli med på open dag

Denne hausten kan innbyggarar i Hå kommune med demens bli med på lågterskeltilbodet «Inn på tunet» på Torvholen Gard på Salte. 

Tilbodet er kvar tysdag klokka 10-14, og er spesielt tenkt til deg som er tidleg i sjukdomsfasen og som ikkje allereie har eit aktivitetstilbod i kommunen.

Me startar med open dag tysdag 20. august klokka 10.30-12.30. Då er garden open for aktuelle kandidatar og pårørande, samt andre interesserte i kommunen.

Denne dagen er det ikkje noko påmelding – berre møt opp!

Kva er «Inn på tunet»?

Dette er ein sosial møteplass med frisk luft og kontakt med dyr og natur. Her får du gjera aktivitetar som å gå tur i skogen, snekra, stella dyr, henta egg, plukka bær, laga saft, stabla ved, strikka og spela kort.

Tilbodet inkluderer transport og kostar 180 kroner per gong.

Ta kontakt om du ønsker meir info:

Torvholen Gard