Hugs å lasta ned dei nye tømmerutene
Frå og med juni vert det ein del endringar i tømmekalenderen din.
Dei neste åra er det Renovasjonen Næring som skal ta seg av søppeltømminga i Hå.
Renovasjonen Næring AS
Måndag 3. juni skal Renovasjonen Næring ta over søppeltømminga i Hå kommune. Det vert nokre endringar for alle innbyggarar, den nye tømmekalenderen din finn du her:
Tømmekalender med gateoversikt
Kva er endringane?
- Glas får nye tømmedagar. Framover vert glas tømt på same dagen som rest- og matavfall (kvar 8. veke), så det betyr at du får færre tømmedagar å passa på.
- Rute 405, 607 og 608 får nye tømmedagar for rest- og matavfall. For alle andre vert dunkane tømt dei same dagane som før.
- Nokre ruter får tømming på ettermiddagen/kvelden. Dette gjeld rute 401, 402, 403, 404, 405, 406, 407, 408, 602, 607 og 608. Alle må likevel setta fram dunkane seinast klokka 06.00.
- Om du har lagt inn gammal tømmekalender i Google-kalenderen din, må du sletta den og abonnera/synkronisera på ny tømmekalender.
- Om du har lasta ned eller skrive ut tømmekalender tidlegare i år, må du gjera dette på nytt.
Hugs at du alltid finn oppdatert informasjon om renovasjon og søppel i Hå på ha.no/avfall
Sist endra 14.06.2024 14.18