Viktig melding

Lukk meldinga

God økonomistyring

Hå kommune har eit netto driftsresultat for 2016 på 84 millionar kroner.

Sparegris-Hå

 

 

Dette er resultatet frå drifta i kommunen etter finans-kostnadar, men før bruk av pengar frå fond (oppsparte midlar), avsetning til fond og investering.

Udisponert overskot (mindreforbruk) etter avsetningar er 47 millionar kroner.
Dette er 6 % av driftsinntektene og betre enn venta på grunn av

  • Høgare skatteinngang i Noreg. Dette gav høgare skatteutjamning til Hå.
  • Meir refusjonar og tilskott.
  • God økonomistyring i tenesteområda. Ingen av tenesteområda har brukt meir enn budsjett.

Skatten i Noreg auka med 9,7 %, som var meir enn venta då statsbudsjettet blei lagt fram. Dette gjorde at Hå fekk meir i skatteutjamning enn budsjettert. Den høge skatteinngangen kom overraskande på dei fleste kommunane og skuldast for det meste at mange tok ut store utbytte på grunn av endringar i skattesystemet.

Hå fekk også meir tilskott og refusjonar i 2016, både i samband med flyktningar og andre tenester vi leverer til eksisterande og nye innbyggarar. God økonomistyring og fleksibel ressursutnytting gjer at vi såg eit samla mindreforbruk i tenesteområda.

Investeringane var på 435 millionar kroner, 46 millionar lågare enn i 2015. Dette skuldast at Bø skule er ferdig og blei teken i bruk når skuleåret starta i august 2016. Låneopptaket var 260 millionar. Disposisjonsfondet er 184 millionar kroner. Dette er 13,2% av driftsinntektene. I tillegg til dette kjem det udisponerte overskottet på 47 millionar.

Vi kan ikkje vente at dei ekstra skatteinntektene i 2016 held fram i åra som kjem. For å vere førebudd på endringar i samfunnet rundt oss og vere meir effektive har rådmannen sett i gang «Framtidsløftet». Gjennom Framtidsløftet skal vi fornye, forenkle og forbetre måten vi arbeider på. Dette vil også gje økonomiske innsparingar som er nødvendige for at Hå skal fortsette å kunne levere gode tenester til innbyggarane.