Viktig melding

Lukk meldinga

Finn fram munnbindet

Smitten er på veg oppover, og det er nødvendig å børsta støvet av munnbindet igjen. 

Skal du på legekontoret, besøk på sjukeheimen, ta tog, buss, taxi eller på shopping, så er kommuneoverlegane på Jæren tydelege: Bruk munnbind.

- Det er viktig å bruka munnbind for å beskytta deg sjølv og dei rundt deg. Det kan bidra til å avgrensa smitten, både covid-19 og andre luftvegsinfeksjonar som belastar helse- og omsorgstenestene våre, seier kommuneoverlege i Hå, Gerd Signy S. Omland.

Følger nasjonale retningslinjer

Stavanger, Sandnes, Sola og Randaberg innførte i går eit påbod om munnbind på stader der innbyggarane ikkje klarer å halda ein meter avstand, slik som i kollektivtrafikken, butikkar og kjøpesenter. Gjesdal, Hå, Klepp og Time hadde beredskapsmøte i dag tidleg med ordførarar, kommunedirektørar og kommuneoverlegar til stades. I møtet vart det uttrykt stor støtte til initiativet nordfrå, og jærkommunane går inn for ei anbefaling om munnbind dei same stadene. Altså at me følgjer dei nasjonale retningslinjene. Kommunane har god erfaring med at innbyggarane på Jæren følger dei anbefalingane som vert gitt.

- Smitten er stigande på Jæren, og det er viktig at innbyggarane igjen tenker dugnad og bruker munnbind i kollektivtrafikken, butikkar og kjøpesenter når det ikkje går å halda ein meter avstand, seier kommuneoverlege i Time, Øystein Fjetland Øgaard.