Byggeskikkprisen

Hå kommune deler annakvart år ut byggeskikkprisen. Denne heidersprisen har som føremål å auka medvitet omkring god byggeskikk.Klikk for stort bileteVinnar 2019: Einebustad i Håvegen 330  

Gjennom byggeskikkprisen ønsker Hå kommune å framheva byggverk eller bygde omgjevnader som bidreg til å heva, fornya og utvikla den allmenne byggeskikken på Jæren.

Prisen kan gå til nybygg, til-/påbygg eller ombygging.

Kjenner du til noko flott som er bygd dei siste ti åra, som fortener prisen? Alle kan nominere kandidatar, via dette skjemaet.

Tidlegare vinnarar:
Årstal Prisvinnar Byggherre Arkitekt
2019 Einebustad Håvegen 330 Tone og Arne Torland Arkitektkontoret IHT AS
2017 Hytteprosjektet "Himmelrommet" på Ogna Henrik og Kaj Stokkeland Torgeir Norheim
2015 Bustaden "Patio", Skoratuå 20, Sirevåg Maibel Edland Togstad og Roy Kenneth Skretting SAARK arkitekter
2013 Bustad, Langgata 1, Vigrestad Ingebjørg og Reidar Waldeland Trodahl arkitekter
2011 Industribygg i Stokkalandsmarka IKM Haaland AS Sjo Fasting Arkitekter
Fann du det du leita etter?