Viktig melding

Lukk meldinga

Byggeskikkprisen til offentleg bygg med spenstige val

Dronebilde av Ogna skule, med fokus på fasaden ved biblioteket. Foto. - Klikk for stort bileteByggeskikkutvalet håper at årets pris vil inspirera til vidare satsing på gode skulebygg for barn og unge i Hå og andre kommunar.

Hå kommune sin byggeskikkpris 2023 går til L2 Arkitekter og Hå kommune, for offentleg bygg Ogna skule.

I statuttane heiter det at «Prisen er en hederspris som deles ut til et byggverk, eller bygde omgivelser som gjennom utførelse, materialbruk, utforming, energibruk, miljø, kostnad, byggeprosess og samspill med sted og omgivelser, danner et forbilledlig eksempel som kan bidra til å heve, fornye og utvikle den allmenne byggeskikken». 

Ogna skule er eit bygg med høge arkitektoniske kvalitetar, godt tilpassa omgjevnadane. Bygget er lavt og føyer seg fint inn i landskapet og med kringliggande byggverk. Uteområdet gir mange ulike soner, innbyr til varierte aktivitetar og gir også livd for vêr og vind. Når sola er framme kan du alltids finna ein stad å nyta ho på. Skulen er ein 1-10-skule og må dekka ulike behov til dei ulike aldersgruppene.

Dronebilde som viser heile skulen, med utsikt mot havet. Foto. - Klikk for stort bileteJuryen understrekar at Ogna skule er eit bygg med høge arkitektoniske kvalitetar, godt tilpassa omgjevnadane.

Løysingane innandørs er godt gjennomtenkte og ein har klart å samla elevane i tilhøyrande aldersgrupper innanfor kvar si sone, samt ein bevisst tanke kring plassering og utforming av fellesareala som alle trinna deler.

Musikkrom, fleirbrukshall og bibliotek er alle samla i motsett side av klasseromma. Det kombinerte skule- og folkebiblioteket ligg sentralt plassert i fasaden og har i seg sjølv store arkitektoniske verdiar. Ein har klart å utnytta både høgder, lys og materialbruk til å laga ein stad kor ein har lyst til å vera både for elevar, tilsette og innbyggarar. Mellom dei ulike sonene finn du korridorar som har småhusgatepreg med innbydande sitteplasser kor du ikkje treng kjenna deg einsam, men kor du også kan finna ein plass for deg sjølv.

Materialbruken er godt gjennomtenkt med mykje naturtre, der ein utnyttar det naturlege fargespelet. Dette samspelar godt med lyset som kjem inn gjennom både tak og vindauge. Både i biblioteket og i gangarealet har dette blitt utført på ein framifrå god måte, som eit førebilete for andre til å nytta seg av. Svart som fasadefarge er eit spenstig val på ein skule for born, men fungerer godt her og tilbyr eit fornyande element på Ogna. Gjennomgåande bruk av tre som byggemateriale gir eit positivt innemiljø, og er også viktig ut frå omsyn til berekraft.

Bilde av biblioteket. Foto. - Klikk for stort bileteDet er både luftig og lyst i det kombinerte skule- og folkebiblioteket, som ligg sentralt og synleg plassert.

Farge- og materialbruk med mørkbeisa kledning i gran og lyse inntrekte parti i gyllen oljebehandla lerk gir eit spennande og varmt (sam-)spel som forsterkar dei funksjonelle djupnevariasjonane i bygget. Gjentakinga av dei same materiala og fargane i den innvendige «skulegata», bind saman inne- og utearealet. Dette forsterkar opplevinga av korridoren som ei innvendig gate i samanheng med den tun-inspirerte strukturen og det høge overlyset.

Byggeskikkutvalet håper at prisen vil inspirera til vidare satsing på gode skulebygg for barn og unge i Hå og andre kommunar.

Prisen består av ein plakett og 25 000 kroner. «Ogna skule» er eit eksempel til etterfølging, i samsvar med statuttane til byggeskikkprisen, og blir kåra som vinner av Byggeskikkprisen for 2023.

Byggeskikkutvalet/juryen har i 2023 bestått av:

  • Kjersti Skjæveland (utvalsleiar) – politisk vald representant
  • Einar Vigrestad  – politisk vald representant
  • Anfinn Rosnes –  ass. landbruksdirektør, Statsforvaltaren i Rogaland  
  • Ragnhild Thorset Våge – styremedlem, Stavanger arkitektforening
  • Jan Gunnar Mattingdal, kommunalsjef for tekniske saker og næring– utpeika av kommunedirektøren
  • Marte Danielsen Jølbo, tidlegare leiar av kulturvernavdelinga i Hå kommune/dagleg leiar Hå gamle prestegard – utpeika av kommunedirektøren 2022
Bilde frå ein av korridorane på skulen. Foto. - Klikk for stort bileteMaterialbruken er godt gjennomtenkt med mykje naturtre, både utandørs og i den innvendige «skulegata».
Dronebilde som viser skulen skrått ovanfrå. Foto. - Klikk for stort bileteUteområdet til Ogna skule gir mange ulike soner, innbyr til varierte aktivitetar og gir også livd for vêr og vind.