Varhaug idrettsbarnehage er ein barnehage som har fokus på bevegelsesglede og meistringskjensle i ein sunn kvardag. Me er ein kommunal barnehage som starta si verksemd 1. august 2012. Varhaug idrettsbarnehage ligg fint plassert i nærleiken av Varhaug idrettslag, som me har eit nært samarbeid med. Her har me tilgang til idrettshall med turnrom og klatrevegg, og eit godt uteanlegg med forskjellige banar. Med andre ord treng me ikkje å gå langt av stad for å skifte «stove» og oppleve bevegelsesglede.
Me er ofte ute og på tur, og me har mange kjekke turmål i nærmiljøet vårt. For dei lengre turane, så har me eigne elsyklar med korger som barna kan sitje i.
Barnegruppa er fordelt på 3 avdelingar; Spretten, Piruetten og Salto. Spretten er vår småbarnsavdeling og har dette året barn i alderen 1-2 år. Til saman er det 13 barn på denne avdelinga. På avdeling Piruetten er det i år 18 barn i alderen 2-4 år. Og på avdelinga Salto er det 22 barn i alderen 4-6 år.