Menneskesynet til Varhaug idrettsbarnehage er at alle menneske er like mykje verdt, uansett utsjåande, etnisitet, religion og livssyn. Barna skal få ein positiv sjølvoppfatning gjennom kroppsleg meistring og me legg vekt på samarbeid og god sportsånd med fokus på respekt og forståing for kvarandre. Barnesynet vårt er å sjå kvart enkelt barn på sitt individuelle nivå. Barna fortenar å verta møtt med omsorg og respekt, slik som dei og i tidlig alder klarar å visa til barn på eigen alder.
Me har også eit læringssyn som seier at barna er kompetente og skal ha mogligheit til å medverka til eiga læring; barn lærer igjennom leik og rørsle og skal oppleve meistring gjennom formelle og uformelle aktivitetar, åleine og i samarbeid med andre.