Me vil i samarbeid med føresette leggja til rette for at barna får ein god og trygg start. Me har eit foreldremøte for nye foreldre i mai kvart år. Her vil føresette få informasjon om barnehagen og tilvenninga.
Tilvenninga startar med besøksdagar. Foreldre kjem saman med barnet på besøk, nokre dagar i løpet av mai/juni. Etter at me starta med dette i 2017 ser me at dei nye barna er tryggare under oppstarten i barnehagen i august. Dei har fått sett barnehagen og blitt kjent/møtt personalet.
Alle føresette skal også ha ein oppstartssamtale i forbindelse med oppstart/tilvenninga av nye barn i barnehagen. Her vil me snakke om tema som familien, samspel, forventningar mm. Oppstartssamtalen gjer oss ei god moglegheit til å bli betre kjent med barna dykkar og legg grunnlag for vidare samarbeid me skal ha kring barna dykkar.
Dette har me vaksne fokus på når barnet begynner i barnehagen:
- lage gode rutinar, saman med foreldra, på levering og henting
- bygge ein god relasjon til barnet og foreldra.
- ha struktur og rutinar i kvardagen som skaper forutsigbarhet for barnet
- å gje barnet omsorg, tryggleik, nærleik, humor og grenser
- Me arbeider ut frå «trygghetsirkelen»: for at barna skal kunna oppleva meistring og utvikling må dei vaksne fungera som ein «trygg base», kor barna kan henta og få påfyll av støtte og omsorg.
Barna får tildelt ein primærkontakt/tilvenningskontakt når dei byrjar i barnehagen. Tilvenningskontakten er ein person som skal vere tett på barnet i tilvenningsperioden, og det skal vere ein trygg relasjon for både barnet og dei føresette. Vårt mål på sikt er at alle barna på ei avdeling skal bli trygge på alle vaksne som arbeider der.