Personalet i Varhaug idrettsbarnehage skal verne om eigenverdien til barndommen. Kvardagen skal vere prega av vennskap, leik og trivsel og me vaksne må sørga for at barna har ei positiv oppleving av å vere i barnehagen. Barna skal bli møtte av autoritative vaksne som er varme, omsorgsfulle og grensesetjande.
Personalet i barnehagen har saman utarbeidet tre kjerneverdiar, og me skal jobbe aktivt med desse i kvardagen vår. Desse er:
• Meistring
o Personalet skal gjennom leik og aktiviteter i kvardagen legge til rette for gode meistringsopplevingar.
o Me har ein kultur der me motiverer, heier på kvarandre og gjev positive tilbakemeldingar til kvarandre i kvardagen.
• Tryggleik
o Personalet som ser og møter barna på ein gode måte.
o Me har struktur og rutinar i kvardagen.
o Personalet skal annerkjenne og verdsette ulikheitane hos kvart einskildt barn.
• Raushet
o Me ynskjer å vere ein JA-barnehage.
o Me skal ha ein gjensidig respekt ovanfor kvarandre.
o Personalet er bevisste på å vera gode rollemodellar.
Vårt verdigrunnlag legg grunnlaget for barnehagen sitt arbeid med omsorg, leik, danning og læring.