I vår barnehage er me opptekne av å arbeida saman for å gjera kvarandre gode. For å halda oss fagleg oppdatert og gje kvarandre påfyll har me på lik linje med andre barnehagar i kommunen eit personalmøte på kveldstid i månaden. Dei pedagogiske leiarane har også eit møte i veka, for å sikre god kvalitet på tilbodet me gjer til barna. Annakvar veke har kvar avdeling ein time avsett til avdelingsmøte. Me har fagmøter for assistentane, slik at alle held seg fagleg oppdaterte. Me samarbeider dessutan på tvers av avdelingane i ulike samanhengar.