Her i Varhaug idrettsbarnehage feirar vi alle barna som fyller år i løpet av ein månad i ein stor bursdagsfest.
Den dagen barnet har bursdag, blir det markert med flagg ute og bilde av barnet i garderoben, de får også en liten markering i samlinga den dagen.
Dei barna som har bursdag i den aktuelle månaden har eit bursdagsmøte nokre dagar før festen. På dette møtet ser dei i bursdagspermen vår og finn fram til middagar, dessert og bursdagssongar som dei har lyst til å ha på festen sin. Under desse møta lærer barna blant anna å seie si meining i ei gruppe og dei må telle kor mange som ønsker kva, for her er det fleirtalet som gjeld.
Bursdagsbarna er og med på å lage sine eigne kroner saman med ein vaksen.
Middagane er laga frå botnen, og dei inneheld sunne råvarer som f.eks. fisk, magert kjøt, grovt mjøl, friske grønsaker osv. Dessertane våre er fruktsalat eller smoothie. Smoothie er ein hit og blir som regel vald om og om igjen. Velger dei f.eks. grov pizza til bursdagsmiddag i september, så tek vi vekk dette alternativet i oktober.
I år har vi vald å dramatisere hakkebakkeskogen.
Når forteljinga er ferdig setter bursdagsbarna seg ned saman med publikum, mens forteljaren leiter etter kroner i taska til bestemor skogmus.
Navnet på krona og alderen på barnet blir lest opp, og barnet kjem frem. Setter seg på lys-kuben og får krona på hovudet. Det blir blåst opp ein ballong.Til slutt synger vi bursdag songen for alle barna som har bursdag denne månaden.
Etter fellessamling går vi til kvar vår avdeling og nyter eit nydeleg heimelaga måltid.
Desserten eter vi til fruktmåltidet den same dagen.