Me vil bruke hakkebakkebakkeskogen som eit gjennomgåande tema for å jobbe med inkludering, vennskap og sansane våre. Sansane er eit verktøy for å erfare, læra og innhenta ny kunnskap. I Varhaug idrettsbarnehage jobbar me med sansane våre gjennom fysisk aktivitet heile året rundt. Sansar kan til dømes vere smak, lukt, høyrsel, syn og berøringssansen.
Barna vidareutviklar motoriske ferdigheiter, kroppskontroll, koordinasjon og fysiske eigenskapar. Det er viktig for oss at barna skal oppleva meistring og glede utifrå deira føresetnader.
I det pedagogiske arbeidet så vil me koble sansane opp mot dei ulike dyra som vi treff igjen i hakkebakkeskogen.
Gjennom året vil barna ha erfart leik, hinderløyper, samarbeidsøvingar, ulike former for orientering, rørsle til musikk, bruk av naturen og ballaktiviteter.