Hå kommune er ein trafikksikker kommune, og barnehagane er derfor forplikta til å ta trafikktryggleik på alvor.
Vi har utarbeida eigne rutinar for å ivareta sikkerheiten på tur, med elsyklar og med offentleg transport. Fokus på trafikktryggleik skjer gjennom turar og erfaringar vi gjer oss gjennom barnehageåret.
For å ha fokus på trafikktryggleik hos barna vil me at:
o Barna får kjennskap til trafikkreglar for fotgjengarar.
o Barna får kjennskap om bruk av sansane deira i trafikken.
o Barna får kjennskap om bruk av bilbelte, sykkelhjelm og refleks
Når dykk foreldre parkerer på parkeringsplassen, så vil me at dykk rygger bilen inn. Då har dei betre oversikt når dykk skal kjøre ut frå parkeringsplassen igjen.