Skulefritidsordninga i Hå kommuneSkulefritidsordninga (SFO) er eit pedagogisk omsorgs- og fritidstilbod før og etter skuletid til barn på 1. til 4. trinn og for barn med særskilte behov på 1. til 7. trinn. SFO har ope alle arbeidsdagar utanom to planleggingsdagar i året.SFO er stengt i juli.SFO er stengt på julafta, nyttårsafta og onsdag før skjærtorsdag.Når du søker om SFO-plass, skriv du kor mange timar i veka du vil ha. Minimum er 5 timar i veka (førsteklassingar kan ha færre timar om dei vil). Maksimum er 21 timar. Du kan velga både morgon- og ettermiddagstimar, men ein ettermiddag kan ikkje delast opp i kortare økter.Slik søker du:Du søker om plass i Visma:Søk SFO-plassSøknadsfrist er 1. mars. Rektor kan godkjenna søknadar etter 1. mars dersom det ikkje er fullt.Prisar og betaling Elevar på 1.-3. trinn Gratis SFO på inntil 12 timar per veke. Dei som ønsker fleire enn 12 timar, må betala for tilleggstimane. Betaling for mat kjem i tillegg.Antall timar pr. vekePris pr. mndKost1-12kr. 0+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.13kr. 170+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.14kr. 340+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.15kr. 505+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.16kr. 617+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.17kr. 732+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.18kr. 840+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.19kr. 955+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.20kr. 1065+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.21kr. 1180+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd. Elevar på 4. trinn Antall timar pr. vekePris pr. mndKost5kr. 817+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.6kr. 985+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.7kr. 1145+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.8kr. 1312+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.9kr. 1478+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.10kr. 1640+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.11kr. 1805+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.12kr. 1967+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.13kr. 2130+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.14kr. 2305+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.15kr. 2432+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.16kr. 2558+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.17kr. 2680+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.18kr. 2814+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.19kr. 2915+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.20kr. 3035+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd.21kr. 3145+ kost kr. 45,- pr. etterm./pr. mnd. Elevar i 5.-7. klasse med særskilte behov Barn i 5. til 7. klasse med spesielle behov har rett til gratis SFO. Foreldra må søka om dette kvart år. Redusert pris for søsken Viss du har meir enn eitt barn i SFO vil du få reduksjon i foreldrebetalingen. Dette treng du ikkje søke om, men du må oppgi det når du søker SFO-plass.Du får 30% prisreduksjon for barn nummer toDu får 50% prisreduksjon for barn nummer tre eller fleire. Redusert foreldrebetaling Hushaldningar med låg samla inntekt kan få redusert foreldrebetaling. Ein hushaldning er ektefellar, registrerte partnarar og sambuarar.Søk redusert foreldrebetaling i foreldreappen (Visma)Søknadar før 1. august gjeld frå 1. august og ut skuleåret. Søknadar etter 1. august gjeld frå første heile månad etter søknaden og ut skuleåret. Kjøp av ekstra dagar Ved ledig kapasitet kan du kjøpa heildagsplass for kr. 330,- pluss kost kr. 30- pr. dag.Du betaler ikkje ekstra for SFO i skulen sine feriar for dei vekedagane de allereie har SFO-tilbod på ettermiddagane, men de må kjøpa heildagsplass for ekstra dagar. Ved kjøp av ekstra dagar må du ta kontakt med skulen. SFO for barn med særskilte behov i 1.-7. klasseBarn med behov for særskilt tilrettelegging i SFO skal få eit tilbod som legg til rette for at dei skal vera inkludert, og kan delta likeverdig i leik og aktivitetar. SFO er likevel ikkje skule og elevane har ikkje heilt dei same rettane til individuell tilrettelegging som i skulen.Endra eller sei opp plass på SFODu kan enkelt seia opp eller gjera endringar på SFO-plassen din i Visma.Endra eller sei opp plass på SFOOppseiingstida er to månader, og blir rekna frå den 1. i påfølgande månad. Dersom du seier opp etter 1. april må du betala for SFO ut skuleåret. Vedtekter for skulefritidsordninga i Hå kommune Eigarforhold Hå kommune eig og driv skulefritidsordninga Opptaksmyndigheit Hå kommune har delegert til rektor å gjera vedtak om opptak i SFO, jf. opplæringslova § 13-7 Opptakskriterium Tilbodet blir gitt til elevar i 1.-4. klasse For elevar med særskilte behov i 5.-7. klasse kan føresette søkje om gratis plass i SFO. Dette tilbodet må dei søkje om på ny kvart år. Betaling for kost kjem i tillegg Alle som søkjer om plass i SFO innan 1. mars, er sikra plass. Søkjarar etter fristen kan oppleve noko ventetid i tilfelle SFO treng å auke bemanninga Opptaksperiode og oppseiing av plassen i SFO Hå kommune gjev tilbod om SFO i 11 månadar med stengt i juli Føresette kan velje morgon og ettermiddag etter behov, men det går ikkje å dele opp ein ettermiddag i mindre einingar. Minimum fast opphaldstid per veke er 5 timar Innvilga søknad om plass i SFO gjeld ut 4. klasse, eller til dei føresette skriftleg seier opp plassen Oppseiing av plassen i SFO eller endring i val av tilbod, må skje seinast to månadar før endring/sluttdato gjeldande frå den 1. i månaden Ved oppseiing av plassen etter 1. april må føresette betala for plassen ut skuleåret Foreldrebetaling Betalinga for tilbodet om SFO og kost blir fordelt på 11 månader. Tilbodet inkluderer ferie og fridagar, samt heile juni og august. Rett til SFO i feriar gjeld dei dagane dei til vanleg har eit ettermiddagstilbod i SFO Ved overgang frå barnehage til SFO i midten av august, betaler føresette for ein halv mnd. i august (NB! Betaling for 1. og 2. klassingar gjeld berre for tilbod utover 12 timar per veke) Det er søskenmoderasjon i SFO gjeldande frå 01.08.2022. For det yngste barnet i SFO betalar føresette full pris (NB! Betaling for 1. og 2. klassingar gjeld berre for tilbod utover 12 timar per veke) Betalingssatsane blir fastsett i eiga sak ved budsjettbehandlinga kvar haust Barnet kan miste tilbod om SFO plass ved manglande foreldrebetaling Leike- og opphaldsareal SFO skal ha ute- og inneareal som er eigna til dette og blir gitt i sambruk med skulane og eventuelt barnehagane Kommunal rammeplan og plan for den enkelte SFO skildrar bruken av inne- og uteareal, inkludert nærområdet Dagleg opphaldstid og årleg opningstid Dagleg opningstid er til vanleg frå 07:00 til 16:00 Administrasjonen ved kvar skule kan vedta lokale tilpassingar av opningstida På ferie- og fridagar kan tilbodet på fleire skular kan samordnast til ein skule Det blir ikkje gjeve tilbod om SFO i juli Det er lagt opp til to planleggingsdagar i SFO i løpet av skuleåret. SFO er då stengt Bemanning og leiing Norma for bemanning i SFO er 1 vaksen per 12 born i første klasse og 1 vaksen per 15 born i 2.- 4. klasse Bemanninga blir justert etter tilhøve som alder, gruppesamansetjing, funksjonsnivå og born med særskilde behov Kvar SFO har eigen SFO-leiar med ansvar for innhald og organisering. Rektor ved skulen er øvste leiar for SFO Sist endra 27.03.2025 13.07