Alkoholpolitiske retningslinjer 2024-2028
1 Av-og-til-kommune
Hå kommune er ein Av-og-til-kommune, og står for ein alkoholpolitikk som tek både helsemessige, sosiale, kulturelle og næringspolitiske omsyn, i tråd med formålet i alkohollova.

Ragnhild Kaski, generalsekretær i Av-og-til, og ordførar Andreas Bjorland i Hå kommune, signerte avtale i november 2024 om at Hå kommune blir Av-og-til-kommune.
2 Løyveperiodar
- Kan tildelast for fire år om gongen
- Gyldige til 30. september året etter at det er sett nytt kommunestyre
- Dei som har salsløyve i dag, treng ikkje søka på nytt. Løyvet vert forlenga til 30.9.2028. Dei som har skjenkeløyve må derimot søka på nytt, på grunn av forslag til endringar.
- Det vert innhenta vandelsattest frå politiet før løyva vert fornya.
- Eigar av løyve må gi beskjed til kommunen ved vesentlege endringar i verksemda, som for eksempel ny dagleg leiar.
Samarbeidsmøte
Det er ønskeleg å arrangera eit samarbeidsmøte mellom ordførar og bransjen minst ein gong i løpet av løyveperioden
3 Skjenketider
Skjenketidene i Hå kommune er:
• Alkohol gruppe 1 og 2, lågare enn 22 volumprosent kl. 08.00 – 1.30
• Alkohol gruppe 3, brennevin kl. 13.00 – 01.30
Uteservering
Godkjend uteservering skal avsluttast på same tid som servering inne. Politiet har gitt pålegg om at utandørs livemusikk (som for eksempel i telt) i sentrumsnære område, skal avsluttast innan midnatt.
4 Salstider
- Måndag-fredag kl 8-20
- Dag før sundag og heilagdag kl 8-18 (Unntak er onsdag før Kristi himmelfartsdag. Den gjeld som vanleg kvardag)
Det er tidspunktet for betaling i kassen som er avgjerande.
Sal av øl skal ikkje skje:
- sundagar og heilagdagar
- 1. mai
- 17. mai
5 Krav til sals- og skjenkestyrarar
- For å få sals- og skjenkeløyve må styrar og vara ha avlagt kunnskapsprøve.
- Det er også krav om at ansvarleg skjenkestyrar ved enkeltarrangement med over 150 gjester, har avlagt kunnskapsprøve.
- Skjenkekontrollen IKS organiserer tilbod om kunnskapsprøve for styrar og vara.
Ansvarleg vertskap
Det er anbefalt at styrar og dei tilsette ved skjenkestadene deltek i kurset Ansvarleg vertskap.
6 Kontroll, reaksjon og gebyr
- Skjenkekontrollen IKS utfører kontrollar etter alkohollova for Hå kommune.
- Reglane om prikktildeling og inndraging av løyve følger nasjonale føringar og lovverk.
- Dersom løyvehavar vert tildelt til saman 12 prikkar i løpet av to år, skal løyvet inndras ei veke.
- Vert det fleire enn 12 prikkar i toårsperioden, vert inndraginga forlenga jamfør alkoholforskrifta § 10-2.
- Toårsperioden gjeld uavhengig av om løyvet vert fornya.
Gebyr
- Gebyret for løyve til skjenking ved enkeltarrangement og ambulerande løyve, vert bestemt årleg av kommunestyret. Satsane er i samsvar med reglane for alkoholforskrifta § 6-2.
- Skjenke- og salsstadene med faste løyve betaler eit årleg gebyr knytta til kor mykje alkohol dei har omsett i løpet av året.
- Dei som får sals- og skjenkeløyve pliktar å gi kommunen ein årleg oversikt over omsetnad og reviderte rekneskapstal. Fristen for dette er som regel i mai, og blir meldt på nettsida til Hå kommune.
7 Vakthald og klage
- Det er forskjell på vakt og vert. Vakter er godkjente etter vaktlova. Verter er såkalla dugnadsvakter.
- Når politiet stille krav om godkjente dørvakter til skjenkestader eller arrangement, er dette også eit vilkår for skjenkeløyvet.
- Fårdu avslag på ein søknad, kan du senda skriftleg klage. Dersom kommunen står ved vedtaket, vert klagen sendt vidare til Statsforvaltaren i Rogaland.
8 Salsløyve
- Daglegvareforretningar med eit breitt utval av varer og spesialutsal for øl og mineralvatn, kan få løyve til å selja alkohol med opptil 4,7 volumprosent.
- Vinmonopolet kan få salsløyve for brennevin, vin og øl. Hå kommune kan gi Vinmonopolet éin utssalsstad i kommunen. Departementet fastset opningstidene.
- Det vert ikkje gitt løyve for sal av øl på internett (nettsal), eller for levering heim til kjøpar.
- Krav til søknad: Vandelsattest, driftsbudsjett, styrar og vara over 20 år med avlagt kunnskapsprøve.
- Løyvet vert gitt av Utval for helse og velferd.
- Saksbehandlingstida er inntil fire månader.
9 Skjenkeløyve
Alkohol gruppe 1, 2 og 3
Krav for at serveringsstaden kan få skjenkeløyve :
- gyldig serveringsløyve
- fast meny eller a la carte
- varm mat frå kjøkken som held ope inntil minst to timar før verksemda stenger
- eventuell uteservering må vera klart avgrensa
- pub
Det vert ikkje gitt løyve til:
- serveringsstader i oppvekst-/bustadområde
- idrettshall/helsestudio
- aktivitets-/fritidssenter
- gatekjøkken/storkiosk
- stader med ungdom som målgruppe
Serveringsstader i kjøpesenter vert som hovudregel ikkje tildelt vanleg skjenkeløyve innanfor opningstidene til senteret.
Krav til søknad:
- Finansieringsplan og driftsbudsjett
- Vandelsattest
- Namngitt styrar og vara over 20 år med avlagt kunnskapsprøve
- Kopi av etablerarprøve for dagleg leiar
Det vert innhenta uttale frå politi, brannvesen og kommuneoverlege. Saksbehandlingstida er inntil fire månader, og vert behandla av Utval for helse og velferd.
10 Skjenkeløyve til enkeltarrangement
Alkohol gruppe 1 og 2
Skjenkeløyve vert ikkje gitt til:
- familiearrangement eller arrangement for barn/unge
- arrangement i oppvekst-/bustadområde
- idrettsarrangement/helsestudio i den tida det er ope for publikum
- aktivitets-/fritidssenter i den tida det er ope for publikum
- gatekjøkken/storkioskar
- lokale som ikkje er godkjende av aktuelle myndigheiter
- arrangement for mindreårige (under 18 år) (unntak kan innvilgast når visse krav som til dømes strengt vakthald og klart avgrensa skjenkeområde, er oppfylt)
Søknadsfristar og krav
- Fire veker før dato for arrangementet.
- Søk på nettsida til Hå kommune
- Arrangementet må vera godkjend av politi, brannsjef og kommuneoverlege. Det må dessutan meldast i eige skjema direkte til politiet seinast fire veker før.
- Ved arrangement over 150 gjester, er det krav om at skjenkestyrar har bestått kunnskapsprøven. Ved større arrangement kan det også koma krav om politigodkjente vakter.
- Unntak: Det vert ikkje gitt løyve til å skjenka alkohol gruppe 3 (brennevin) ved enkeltarrangement. Men det kan gjerast unntak ved arrangement med tydeleg fagleg innhald, slik som til dømes ei whiskymesse.
11 Utvida skjenkeområde
- Dersom du som har fast skjenkeløyve og vil arrangera noko i tilknytning til skjenkestaden din, er det mest naturleg søka om utvida skjenkeområde
- Det er ikkje gebyr for å søka om utvida skjenkeområde.
- Dersom det vert avdekka brot på alkohollova under arrangementet, vert prikkane tildelt det faste skjenkeløyvet som står som ansvarleg søkar.
12 Ambulerande løyve
Alkohol gruppe 1, 2 og 3
Hå kommune kan tildela fire ambulerande løyve samstundes til lukka selskap.
Kva er eit lukka selskap?
- I utgangspunktet tenkt brukt ved for eksempel bryllaup, fødselsdagar og andre arrangement med eit bestemt formål, der gjestene er personleg invitert.
- Det hadde vore naturleg om arrangementet hadde vore halde heime, men på grunn av plassmangel leiger du eit lokale.
- Alle gjestene har ei tilknytning til den eller dei som inviterer til selskapet.
- Arrangementet kan ikkje vera annonsert i media, på plakatar eller via sosiale media.
Søknadsfrist: Tre veker før arrangementet.
Du må søka om skjenkeløyve til arrangementet ditt dersom:
- Du tek betalt for alkohol på arrangementet (direkte eller indirekte).
- Utleigar står for ein større del av arrangementet enn å leiga ut lokala, for eksempel utvask eller matservering.
- Arrangementslokalet har løyve for matservering.
Ambulerande skjenkeløyve vert ikkje gitt til:
- "Veners-venersfest".
- Arrangement som inkluderer vener til laget sine medlemmar.
- Arrangement der personar som ikkje er knytt til arrangør kan melda seg etter kunngjering.
- Ungdomsarrangement der aldersgruppa er under 20 år.
Kjem arrangementet ditt inn under dei tre siste kategoriane, (og dermed ikkje er eit lukka selskap) bør du søka om skjenkeløyve til eit ope arrangement.