Nytt tilskott for tilrette legging for vipa
Dersom du ønsker å legga til rette for vipa, kan du søka tilskott til dette gjennom Regionalt miljøprogram. Gje då beskjed til landbrukskontoret innan 1. april. For å få tilskott må du ha en hekkegruppe med minst 3 reir i nærheten av kvarandre. Det er vilkår for å tilskottet som du kan lese om hos Statsforvalteren. I hovudsak handler det om kartlegging, merking av reir og å vise hensyn.
Vilkår for tilskotet
Tilskott til vipe-stripe fortsetter som før
Tilskotet blir gitt for å jordarbeide ei sone på etablert fulldyrka areal rett ved/inntil eit opent areal som t.d. innmarksbeite, myr, open fastmark o.l. Jordarbeidinga skal føre til at jorda vert liggjande svart, t.d. gjennom harving fleire gonger. Området må vere opent og ikkje tresatt. Arealet må minst vera 2 dekar. Jordarbeidinga skal vera gjort før 20. mars, og arealet må ligge urørt fram til 1. juni. Dette må vera i eit område som i utgangspunktet er attraktivt for hekking for vipa.
Spreieareal for husdyrgjødsel
Me minner om at husdyrgjødsel berre kan spreiast på godkjent spreieareal, jf. Forskrift om lagring og bruk av gjødsel mv. §17. Fulldyrka og overflatedyrka jord er automatisk godkjent spreieareal. For å kunne spreie på innmarksbeite må arealet vere godkjent som spreieareal. Utmarksareal kan ikkje godkjennast som spreieareal.
Spreieareal godkjent på innmarksbeite
Innmarksbeita på din eigedom som er registrert godkjent til spreieareal for husdyrgjødsel, kan du sjå på kartløysinga, - Spreieareal innsyn. Etter at du har klikka deg inn, kan du velje «Norge i bilder» som bakgrunn, som gjer det enklare å kjenne seg igjen. Når du står på nettsida, kan du klikke på eit lilla område. Då får du opp eit tal for det aktuelle området og tal dekar samla pr. landbrukseigedom. Du har då ein god oversikt over kor mykje spreieareal som er tilgjengeleg. Hugs også eventuelle avtalar om spreieareal som du leiger eller leiger vekk, når du skal rekne saman disponibelt areal.
Stormøte på Jæren:
Kva betyr biogassproduksjon for meg som bonde?
Korleis blir bondens økonomi, og korleis oppnår landbruksnæringa klimagevinst? Nytt gjødselregelverk er landa. Korleis skal fosforet reknast? Kva betyr balansegjødsling og korleis skal det dokumenterast?
Sjekk programmet
Webinar - Tenk nytt om lausdriftsfjøs
Statsforvalteren har invitert sveitsaren Christian Manser som er eit kjent namn i bransjen i Europa til å halde faginnlegg. Christian Manser vaks opp på eit mjølkebruk, er landbruksutdanna, og har dei siste 27 åra jobba som lærar og rådgivar for mjølkebønder i St. Gallen. Mykje av rådgivinga handlar om å planlegge og optimalisere eksisterande bygg, nye og gamle, med tanke på dyrevelferd. I 2009 tok han kurs i KuSignal og klauvhelse, og har gjennom 15 års erfaring sett kor stort potensiale som ligg i eit fjøs som er planlagt på dyra sine premissar. Manser er tydeleg og kompromisslaus, og utfordrar bonden til utradisjonelle løysingar. Fordi han har sett at det fungerer. - Det er alltid best å rette feil på papiret, før fjøset er bygd, seier han. For påmelding send e-post til anders.boen.gravdal@statsforvalteren.no innan 10. mars.
- Gratis deltaking.
- Dagen før webinaret får du ein invitasjon via Teams. ¨
- Dersom du ikkje finn lenka, sjekk søppelposten din om lenka ligg der.
- Tid: 12. mars klokka 10.00-12.00.