Årsplan Gråtassen barnehage

6 Samarbeid

6.1 Samarbeid internt i barnehagen

Personalet i barnehagen samarbeidar på tvers av avdelingane. Både for å få det praktiske og organisatoriske til å fungere, men og for å læra av kvarandre. Vi deler erfaringar og veileder kvarandre i kvardagen og på møter. Til saman har vi brei erfaring og mykje kunnskap, og ser det på ein moglegheit for å gjera kvarandre gode.

6.2 Samarbeid med eksterne instansar

Vi samarbeider med ulike instansar internt i Hå kommune. PPT, pedagogisk psykologisk teneste. Renate Kydland er vår kontaktperson. Ho gir oss rettleiing i høve til barn som er meldt opp til PPT. Renate deltek på møta i ressursteamet.
Barneverntenesta. Vi har ein kontaktperson der som heiter Nina Steinnes Erga. Hos henne kan vi få råd dersom det er noko vi lurer på. Elles deltek ho på møta i ressursteamet.

Helsesøster. Vår kontaktperson på Varhaug helsestasjon heiter Elisabeth Kydland Plutt. Ho deltek og på møta i ressursteamet.

Spesialpedagogisk team. Lene Mattingsdal er barnehagen sin kontaktperson. Spesialpedagogen skal vera i barnehagen ein halv dag i veka. Ho arbeidar individuelt med oppfølging og gjer råd og veiledning til personalet.

Familiesenteret i Hå kommune tar seg av foreldreveiledning, samtaler og kurs. Dei held til på Nærbø. Barnehagen kan gi anbefaling til foreldre om å ta kontakt med familiesenteret, men foreldre må sjølv ta kontakt.

Tenesteområdet oppvekst og kultur. Der samarbeidar vi med fleire om både pedagogiske- og praktiske spørsmål.