3.1 Godt språkmiljø for alle barn
Barnehageåret 2024/ 2025 vil vi fortsetja å arbeida med «Godt språkmiljø for alle barn». Vi tenker at ved å ha fokus på språk vil vi samtidig arbeida med leik, inkludering og vaksenrolla. Desse områda; språk, leik, inkludering og vaksenrolla, er avgjerande for om barna opplever ein god dag i barnehagen.
Gjennom leiken utviklar dei språket, samstundes som dei dannar relasjonar og vennskap. Dei lærar å inkludera kvarandre i leiken og felleskapet. Då treng treng vi vaksne som veit kor viktig det er at dei er deltakande og aktive vaksne, og at dei bryr seg og grip inn om dei ser noko urett.
For å få dette til treng personalet å auka kompetansen på korleis vi kan skapa eit godt språk- og leikemiljø. Dei treng kompetanse på kva som skal til for å få eit trygt og inkluderande barnehagemiljø. Vi må òg arbeida for at personalet skal ha kunnskap om korleis dei kan støtte barna i leik, læring og utforsking, samstundes som vi er bevisste på at alle barn skal oppleva å høyra til i fellesskapet.
3.2 Inkluderande barnehage- og skulemiljø
Vi veit at for at barna skal læra og utvikla seg må trygghet og trivsel liggja i botn. Er barna redde eller mistrivst i barnehagen har dei ikkje kapasitet til hverken å leika, læra eller ha det kjekt. Dei vaksne må vera bevisste og årvakne, slik at dei ser det enkelte barn og kan gje det som trengs for læring og utvikling.