Årsplan Gråtassen barnehage

1 Presentasjon av barnehagen

Årsplanen er eit arbeidsreiskap for personalet i barnehagen og dokumenterer barnehagens val og begrunnelser. Årsplanen skal visa korleis vi vil arbeida for å nå rammeplanens formål og innhald, samt korleis me vil arbeida med omsorg, leik, danning og læring. Årsplanen skal godkjennast av samarbeidsutvalet (SU).

1.1 Kven er vi?

Gråtassen barnehage var tidlegare ein del av Trekløveren barnehage, og heitte då Trekløveren barnehage avd. Pilevegen. I 2021 blei det bestemt at Trekløveren og Pilevegen skulle verta to sjølvstendige barnehagar, og slik blei Gråtassen barnehage til. Adressa vår er Pilevegen 5, og vi er nærmaste nabo til barneskulen. Opningstida vår er 06.45 - 16.15.
Gråtassen er ein modulbarnehage og er bygd for 3 avdelingar. No har vi ledige plassar, derfor er barna delt inn i to avdelingar; Stallen og Bingen. På Bingen går barna som er 1-2 år, mens på Stallen går dei som er 3-5 år.

Våren 2024 arbeida personalet med å laga sin eigen visjon for Gråtassen barnehage. Vi landa på : «Lek og voksne tilstede - det skaper hverdagsglede!». For oss betyr det at vi skal arbeida mot at;

Trygghet

Barna skal oppleva at barnehagen er ein god stad å vera, der trygghet og omsorg er med på å bidra til utvikling og læring.

Inkludering

Barna skal oppleva at dei betyr noko og at dei er ein viktig del av felleskapet.

Leik

Barna skal få nok tid til å leika! Gjennom leiken utviklar dei språket og sosial kompetanse, i tillegg til at dei byggjer vennskap og relasjonar.

1.2 Kosthald og helse

Vi har fokus på å tilby barna eit variert og sunt kosthald. Vi håpar vi er med å leggja eit godt grunnlag slik at barna tek gode val i framtida. Barna får servert tre måltid kvar dag; frukost, lunsj og fruktmåltid. Til frukost får dei havregraut tre dagar i veka, elles får dei skive/ knekkebrød. Til lunsj får dei stort sett skive/ knekkebrød, men nytt av våren er at vi får middag/ varm mat levert ein dag i månaden frå Tunet brukerstyrt senter. Til fruktmåltidet får barna variert frukt og skive/ knekkebrød. Vi serverer melk til frukost og lunsj, og vatn til fruktmåltidet.

Når vi skal på tur tek barnehagen med seg mat, om barna skal eta på tur.

1.3 Bruk av nærmiljøet

Gråtassen ligg sentralt, midt i Varhaug, med barneskulen som næraste nabo. Vi har kort veg til leikeplassar, idrettshuset, biblioteket og Leksaren, og vi har som mål å bruka nærmiljøet så ofte vi kan. Vi er òg så heldige at vi har to lastesyklar med plass til opptil 5 barn, og kan oppleva nærmiljøet frå sykkelsete!