Årsplan Gråtassen barnehage

5 Overgangar

5.1 Når barn begynner i barnehagen

På våren, før barnet skal byrja i barnehagen, blir de invitert til å koma på besøk på avdelinga barnet skal gå på. Når barnet har byrja i barnehagen reknar vi dei fem første dagane som tilvenningsdagar. Då er mor eller far med, og de får ein tenkt plan på korleis dagane skal vera. Tilvenningsperioden er svært viktig for barnet. Dei dagane er med på å leggja grunnlaget for oppstarten i barnehagen. Hugs at de som foreldre må vera tilstades for barna og bruka god tid i tilvenninga – det kjem barnet til gode seinare.

5.2 Overgangar innad i barnehagen

Når barna skal gå frå liten til stor avdeling innad i barnehagen brukar vi tid på våren til at desse barna kan gå på besøk på den nye avdelinga. Men, sidan vi berre har to avdelingar, og desse samarbeidar både morgon og ettermiddag, er barna vant med å vera på begge avdelingane før dei skal gå over på stor avdeling. Sidan avdelingane samarbeidar blir både barn og vaksne godt kjent med kvarandre – det skapar trygghet! Det er likevel viktig å ha fokus på at dei skal bytta avdeling etter ferien, slik at barna er best mogleg førebudd på kva som skal skje.

5.3 Overgang barnehage-skule

I januar startar Varhaug skule med skuleklubb for dei komande elevane. Då er barna på skulen annakvar fredag frå januar til juni. Dette fungerer veldig bra og barna har meget godt utbytte av slik skuleklubben er organisert. Barna blir godt kjent med kontaktlærar, medelevar og skulen sitt areal i god tid før dei skal byrja på skulen. Personal i barnehagen er alltid med på skuleklubben.