
Kjempespringfrø er i bløming på denne tida. Blomane er nokre centimeter store i ulike rosafargar, og planten kan ha frå èin til ei stor mengd blomar. Planten er vanligvis rundt ein meter høg, men kan også variera frå 10 cm til 3 meter.
Fortrenger anna vegetasjon
Kjempespringfrø er vurdert til svært høg risiko på Fremmedartslista, på grunn av at den spreier seg så lett, og kan danna store tette bestander som fortrenger anna vegetasjon. Kjempespringfrø likar seg i fuktige område som i grøftekantar og langs bekkar og elveløp, men kan dukka opp andre stader også.
I Hå kommune pågår det bekjempelsestiltak. Etter fleire års tiltak er planten utrydda fra Hå-elva med Dalabekken. Nå er det langs Tvihaugbekken at plantene blir fjerna.
Gi beskjed
Er det stader me har oversett? Me ber dykk gode håbuar om hjelp til å gi beskjed dersom de oppdagar planten andre stader.
Viss du finn den, er det fint om du:
- Tek bilde av planten, og oppgir kor du fann den.
- Registrer gjerne på www.artsobservasjoner.no
- Eller send e-post til NATURECO: post@natureco.no
På førehand tusen takk!!