Behandling
Jan Harald Forsmo (H) framførte sitt spørsmål. Spørsmål er vedlagt i saka.
Ordførar Jonas Skrettingland (KrF) svara:
Ordførar.
Høgre og Forsmo er opptekne av at alle barn og unge skal ha anledning til å delta i fellesskapet i form av organisert aktivitet.
Det er eit godt mål å ha.
«Alle med i Hå» har og det som mål. Det ser me på kommunen sine heimesider.
Alle barn og unge i Hå skal kunna delta i minst ein organisert fritidsaktivitet, uavhengig av foreldra si inntekt.
Mitt parti hadde og det som mål, og i 2021 hadde me besøk av dåverande familieminister med ei lansering av Hå kommune som kommune med fritidskort. Med nye krefter i regjeringsbygga vart det endra.
Verdien av organisert aktivitet, og målet om at alle barn skal ha tilbod, trur eg me alle er einige i, men så er det kva veg som skal føra oss til målet.
Her kan det kanskje tenkjast ei kortsiktig og ei langsiktig løysing.
Den kortsiktige først.
I dag har «Alle med i Hå» ei viktig og litt ubyråkratisk ordning for å bidra til at barn skal få del i fellesskapet. Fleire av idrettslaga har og ordningar og samarbeider med «Alle med i Hå».
Kunne me i første omgang byggja vidare på den ordninga me har?
Alle med i Hå sorterer under kommunalsjef for opplæring og kultur. Skulle det vera økonomi som hindrar ei ordning for å få barn til å delta i minst ein organisert fritidsaktivitet, må me få beskjed om det.
Så langt eg har forstått, har ikkje nokon av dei som Alle med i Hå har kontakt med så langt fått nei til hjelp for å få tilgang til medlemskap og aktivitet på grunn av manglande økonomi. Det har funnest løysingar i samarbeid med NAV og med idrettslaga sine støttefond.
Så er det mykje som tyder på at det kan verta trongare tider for mange, slik som Jan Harald Forsmo beskriv det.
Då må me ikkje koma i ein situasjon der ungar ikkje får tilgang til organisert aktivitet fordi pårørande eller det offentlege ikkje har pengar til disposisjon.
Eg har stor tru på at Formannskapet vil leita med lys og lykte etter det som skal til for å imøtekoma dette behovet. Det er jo av og til slik at me i forbindelse med tertialrapporten må omdisponera pengar til tiltak me har bestemt oss for å setja i verk, men som me har sett av for lite pengar til.
Hå kommune har som mål at alle barn og unge i Hå skal kunna delta i minst ein organisert fritidsaktivitet, uavhengig av foreldra si inntekt.
Fritidsfond kunne på lengre sikt vera ein måte å gjera det på.
Ei sak vil visa korleis ei slik ordning kan målrettast og kor mykje som krevst av administrasjon og ressursar, men det kunne vera ein god måte å nå målet om aktivitetstilbod til alle.
Eg kunne tenkja meg at kommunestyret ber om ei sak som ser meir på korleis eit fritidsfond kunne etablerast.