Kommunal bustadHer finn du søknadskjema (PDF, 247 kB)Om du er utan eigna bustad og ikkje er i stand til å skaffa bustad sjølv, kan du søka om å leiga kommunal bustad.Det må vera økonomiske, helsemessige eller sosiale forhold som gjer at du ikkje klarer å skaffa deg ein stad å bu.I tillegg må du: ha folkeregistrert adresse i Hå kommune og opphaldt deg i kommunen i minimum 6 månader ha låg inntekt over lang tid ha prøvd å skaffa deg bustad sjølv Slik søker du Fyll ut søknaden du finn her. Om du treng hjelp til å fylla ut søknaden, kan du ta kontakt med oss. Hugs å legga med følgande når du søker: utskrift av likning det siste året lønnslipp (løn/trygd) leigekontrakt, eventuell oppseiing bekrefting barnebidrag Prioriterte personar foreldre/einslege med barn buande fast 50 % eller meir i hushaldet personar som strevar med rus, har psykiske helseutfordringar, eller store sosiale vanskar personar med fysisk eller psykisk funksjonnedsetting personar som over lengre tid har strevd med å komma inn på bustadmarknaden personar som er omfatta i særskilde avtalar mellom kommune og andre instansar Betaling Du må betala husleige etter gjeldande satsar som kommunestyret fastset. I tillegg kjem straum, renovasjon og andre utgifter som normalt fell inn under ei husholdning. Sist endra 23.02.2024 13.41