AktivitetenAktiviteten er eit dagtilbod for ungdom og vaksne med nedsett funksjonsevne. Aktiviteten er eit tilbod til deg som treng aktivisering og tilsyn i kvadagen. Du kan vera med på aktivitetar og samlingar i våre lokale eller få hjelp til arbeidstrening og praksis på andre arbeidsplassar. Kva gjer vi på Aktiviteten? På Aktiviteten gjer vi mellom anna dette: Samlingsstund med sang og musikk. Sanserom. Gåturar/trim/basseng. Matlaging. Enkle arbeidsoppgåver på bestilling. Arbeidsoppgåver på Lode ridesenter. Arbeidsoppgåver i Nærbøparken. Arbeidsoppgåver på vaskeriet på Nærbø. Arbeidsoppgåver i butikk. Korleis får eg plass på Aktiviteten? Du må senda inn søknad der du beskriv behovet ditt. For å få plass må du ikkje ha institusjonsplass, og du må ha behov for tilrettelagt fritid. Trykk her for søknadsskjema Sist endra 01.02.2023 15.14