TømmedagarTømmekalenderTrykk på den blå knappen rett ovanfor her for å finna gata og tømmeruta di.Sjå rettleiinga på korleis du kan legga den inn i google-kalenderen din på mobilen. Då vil du få varsling kvar gong det er tømming. Du kan også skriva ut alle tømmingane for året på ei A4-side. (Desse rettleiingane finn du når du har klikka deg inn på gata di) Praktisk om tømmingRestavfallsdunken og matavfallsdunken blir tømt kvar 14. dag.Papirdunken blir tømt ein gong i månaden.Dunken for glas- og metallemballasje blir tømt annankvar månad.Sjekk tømmekalenderen for å sjå når det er tømming av dei ulike dunkane hjå deg.På tømmedagen skal dunkane trillast ut til veg seinast klokka 06.00.Om det er vanskeleg for deg å setta fram dunken, kan du bestilla hjelp til dette. Sist endra 26.03.2024 09.01