Viktig melding

Lukk meldinga

Hei Hå

Bli kjent med dei flotte turområda i kommunen. Skaff deg årets turkort og ta med barna på tur.

Turkortet er laga for barn, og alle turane er barnevennlege. Nokre er universelt utforma og passar til tur med barnevogn. Alle som går tre turar før 1. november 2024, kan levera turkortet og få medalje. I tillegg blir det trekning av årskort på Jærmuseet og fine premiar frå Hå gamle prestegard. 

Her kan du få turkort:

Her kan du henta medalje:

  • Biblioteka på Nærbø, Varhaug og Ogna

Årets turar

Obrestad fyr

Obrestad fyr er både eit flott utgangspunkt og ein flott stoppestad for ein tur langs Kongevegen. Det er god tumleplass oppe ved fyret og benkar kor du kan sitta ned. I sommarsesongen er det òg opent på fyrmuseet. Du kan heile året velja å gå innom Hå gamle prestegard som ligg 1,2 km frå fyret for å sjå kunstutstillingane eller ete ein matbit i kaféen. Sjekk opningstider til Obrestad fyr og Hå gamle prestegard her: hagamleprestegard.no

🅿️Parkering:
Det er mogleg å parkera nedanfor anlegget til Obrestad fyr. Parkering er gratis. Det er ikkje mogleg å parkera oppe ved fyrbygningen. Obrestad fyr er eit freda anlegg med begrensa bruksområde. Eventuelt kan du også parkera nede ved Hå gamle prestegard og gå opp til Obrestad fyr. Det er 1,2 km mellom Obrestad fyr og Hå gamle prestegard.    

🚈Tog:
Det er cirka 6 km frå Nærbø til Obrestad fyr. Det tar ca ein time å gå eller 20-30 minutt å sykla frå togstasjon på Nærbø til Obrestad fyr.

🌳 Turbeskrivelse: 
Parker nedanfor fyret og følg Kongevegen sørover eller nordover. I starten går du ut på brekkekanten og følger først den sørgåande stien nedover den bratte skråninga. Når du kjem ned kan du fortsetta sørover eller gå nordover. Uansett kva veg du går så ver obs i sommarsesongen, då det kan vera nyfikne kyr på beite. Hugs å halda hunden i band. Kyststien er elles merka både nord og sør med blå stolpepinnar.

Sørover kjem du først til Obrestad hamn før stien går vidare mot Grødaland og Varhaug. Går du nordover kjem du til Hå gamle prestegard, ein kunst og kulturarena med kafé og kunstutstillingar. Du kan òg vitja den historiske utstillinga SPOR om steinalderen i Hå, i tillegg til å besøka steingravfeltet i rullesteinbeltet nedanfor den store løa. Krysser du Hå-elva kjemd du først over på traktorveg for etterpå å koma vidare til fleire sandstrender. Det er ca 5 km til Salte-ånå og Refsnes-stranda i frå Obrestad fyr.

💡Turtips: 
Gå på krigsminnevandring på Obrestad fyr. Oppe ved og ikring anlegget Obrestad fyr er det mange minne frå 2. verdskrigen, blant anna bunkersar og utkikkstårn. Kor mange krigsminner kan du finna?  

Foto: Thomas Bickhardt

Dalabekken

Langs Dalabekken på Nærbø veks det mange ulike treslag og ville blomar. Her finn du også nye leikeplassar, og ein frisbeegolfbane. 

🅿️Parkering:

Nærbø kyrkje 

Nærbøparken

🚈Tog:
Gå av på Nærbø stasjon og gå til Nærbøparken.

🌳 Turbeskrivelse: 
Du kan velga om du vil parkera ved Nærbø kyrkje eller ved Nærbøparken. Det er kortast frå Nærbø kyrkje, men om du går frå Nærbøparken kan du besøka den flotte parken samtidig og kan ta ein rundtur på cirka 5 kilometer. Turen langs Dalabekken er nemleg ein del av turistforeninga sine nærturar og er merka i begge retningar frå Nærbøparken med raude T-ar.

💡Turtips:
Sjekk ut den nye vasspumpa på den store leikeplassen. 

🗺️ Lenke til kart

Hanabergsmarka

Hanabergsmarka er eit friområde som høyrer til Vitengarden som er eit av Jærmuseet sine flotte anlegg. Her kan du testa ut orientering og tauløypa i skogen i eit område fylt av fornminne, kulturminne og gravhauger.  På Vitengarden kan du henta orienteringskart og prøva deg på orienteringsløypa i Hanabergsmarka. Besøk gjerne Vitengarden i same slengen. Her kan du prøva deg som dyrlege i småfeklinikken, møta dyr, hoppa i høyet, vera med på ei reise gjennom kua og verkeleg få oppleva kor maten kjem frå. Du kan også kjøpa noko godt i kafeen.

Dronefot over Vitengarden og Hanabergmarka - Klikk for stort bilete Rune Helliesen

🅿️Parkering: 
Vitengarden 

🚈Tog:
Cirka 20 minutt å gå frå Nærbø stasjon

🌳 Turbeskrivelse: 
Frå Vitengarden går du gjennom ei grind og følger skiltet inn i Hanabergsmarka.

💡Turtips:

Området har krigsminne etter 2. verdskrig. I kommonadobunkersen på toppen, er det ei utstilling som syner kor tyskarne hadde anlegg i Hå. Du får også litt innblikk i korleis leiren i Hanabergsmarka var og kva utstyr som stod her.

Madland ham

Madland hamn mellom Varhaug og Vigrestad er ein vakker og verutsett plass. Den vesle hamna, med to utstikkande moloar, er ein populær stad å oppleva naturkrefter på trygg avstand. Ved Madland hamn finn du både parkeringsplass og toalett kledd med spesialdesigna fasadestein som gjer at bygget lyser som ei lanterne når det er mørkt.  Nede i hamna er det bygd ei stormhytte med glas i fronten. Her kan du sitta i ly og oppleva ver og bølger. Nasjonal turistveg Jæren har skilta Madland hamn med severdighetssymbol.  

🅿️Parkering:

Madland havn

Varhaug gamle kyrkjegard

🌳 Turbeskrivelse:
Du kan parkera i Madland hamn og gå litt langs sjøen på Kongevegen før du går tilbake i Stormhytta.  Frå Madland hamn kan du oppleva kulturminne som strekk seg langt tilbake i tid. Her er det både gamle gravhaugar og nyare spor med skipsvraket rett nord for rasteplassen som ligg og rustar. Du kan også parkera ved Varhaug gamle kykjegard og gå til Madland havn for å ha pause der.

💡Turtips: 
Et matpakka di i stormhytta, og velg gjerne ein dag med ruskever for å oppleva naturkreftene.

🗺️Kart: Du finn spennande skildringar og kart i turboka Kongevegen i Hå.  Du kan kjøpa boka på Hå gamle prestegard og på Hå rådhus.

 

Steinkjerringa

Steinkjerringa er ein folkekjær skulptur som har speida utover jærlandskapet heilt sidan 1927. Steinkjerringa blei opprinneleg kalla Mor Norge. Ungdommar frå Nærbø brukte to vintrar på å slepa Steinkjerringa til Synesvarden landskapsvernområde kor ho står i dag. Turen opp til frå Holmavatn misjonssenter går gjennom brunfarga lyng- og myrterreng på blåmerka sti. Turen er cirka 3 kilometer kvar veg. Rekn med 1 time til 1,5 timar til Steinkjerringa.

Foto av Steinkjerringa med sju barn i fanget og rundt seg. - Klikk for stort bileteSteinkjerringa har et godt fang å sitte i. Monica Gausland

🅿️Parkering:
Holmavatn. Ta Fylkesveg 44 til Varhaug, og vidare på på Riksveg 504 til Ualand. Sving av til venstre og køyr vidare til Holmavatnet.


🚈Tog:
Ikkje anbefalt.


🌳 Turbeskrivelse:
Følg kjerrevegen mot sør og vidare på god sti merka med blå markeringar. Terrenget er lettgått med lite kupering. Du kan velga om du vil ta returen same vegen eller følga merkinga til Synesvarden og ta ein fin rundtur på Høg-Jæren.


💡Turtips: 
Steinkjerringa har et trygt fang du kan sitte i og er eit populært fotomotiv.

🗺️ Lenke til kart

 

Haugstadskogen

I Haugstadskogen på Vigrestad er det ly å finna og mange stiar å velga mellom.

🅿️Parkering: 
Haugstadskogen

🚈Tog:
Frå Vigrestad stasjon er det merka ei løype fram til Haugstadskogen. Det er cirka 40 minutt å gå.

🌳 Turbeskrivelse: 
Noko av det første du møter i Haugstadskogen, er ei stor oppslagstavle som viser alle stiar og sitteplassar i skogen. Her er både lysløype, turveg utan lys og smale stiar der du nærast må krypa inn i granskogen. Enkelte stadar er det så tett at det vert mørkt på solskinnsdager. Men du finn òg meir opne område, gapahukar og annan vegetasjon.

💡Turtips:
Haugstadskogen begynner på H som er Hå kommune sin bokstav. Klarer du å finna noko i skogen som begynner på H? Send gjerne bilde til hei@ha.kommune.no.

Kvassheim fyr

Kvassheim fyr er eit flott utgangspunkt for ein fin tur langs kysten. Her kan du gå så langt du vil, og gå tilbake for ein matbit på fyret. Du finn også kjekke utstillingar om plast i havet, våtmark, fugl og forlis ved fyret. Sjekk opningstider her. 

🅿️Parkering:
Kvassheim fyr. Nasjonal turistveg Jæren har skilta fyret med severdighetssymbol.

🚈Tog:
Det er cirka 20 minutt å gå til idrettsanlegget, men om du vil gå ein raskare veg ned til Brattlandsåna, kan du ta stasjonsvegen til Møllevegen. Då er det berre 7 minutt å gå.

🌳 Turbeskrivelse: 
Parker ved fyret og gå mot sør. I starten går du på fast grasdekke langs rullesteinsstrand, ofte med kyr som nysgjerrige tilskodarar. Etter cirka 1 kilometer går turen over i sandstrand. I sør kjem Raunen til syne med fyrlykta og det litle huset. Det er eit flott syn.  Det sjarmerande naustmiljøet på homastø er ein fin plass å ha pause eller snu. Dersom du fortsetter kan du gå på den lange standstranda på Brusand heilt til Ogna.

💡Turtips: 
Ta med deg ein søppelsekk og hjelp til med strandrydding på turen.

🗺️ Lenke til kart

Borgåsen

Har du lyst til å gå på topptur med heile familien i Hå? Legg turen til Borgåsen, eit spesielt fjell like aust for Helgåvatnet på Ogna. Turen er cirka 2,5 kilometer tur retur. Du kan rekna ein snau time til toppen. Her får du fin utsikt og kan sjå restar av ein stor forsvarsmur på austsida av toppen. 

Foto av utsikten frå Borgåsen - Klikk for stort bilete

🅿️Parkering:
Ved bommen til Helgå hyttegrend eller Ognatun. Følg skilt til Ognatun frå Fylkesveg 44 nord for Ogna sentrum.

🚈Tog:
Ein halvtime å gå frå Ogna stasjon

🌳 Turbeskrivelse:
Følg asfaltvegen forbi bommen og opp bakken, forbi vatnet på venstre side. Ta til høgre og følg vegen sørover gjennom hyttefeltet og vidare på merka sti.

💡Turtips:
Eit tips for at små føter skal koma seg opp til toppen på ein gild måte er å leika gøymeleiken på vegen. Ein flott gøymestad er ein svær og spennande hellar du finn på vegen.

🗺️Lenke til kart

Tvitjørnhytta

Tenk at akkurat du har ei hytte i Hå. Dagsturhytta er di! Bruk hytta inne og ute og så ofte du vil. Dagsturhytta i Hå er plassert på ein fin utsiktsplass langs den Vestlandske hovedveg, sørvest for Tvitjørn. Hugs at det også er alle andre si hytte, så respekter at andre kan bruka hytta mens du er der. Ta av skoa når du går inn og forlat hytta slik du vil finna ho sjølv.

Foto av dagsturhytta inne. Her ser du bøker i hyllene og utsikt over Tvitjørn - Klikk for stort bilete

🅿️Parkering: 
Ogna skule 

🚈Tog:
Ta toget til Ogna stasjon og gå i cirka 10 minutt til Ogna skule. Derifrå er turen skilta.

🌳 Turbeskrivelse: 
Turen er godt skilta frå parkeringsplassen på Ogna skule. Kjem du med tog må du gå av ved Ogna stasjon. Frå Ogna skule følger du skilt austover og vidare til høgre forbi gartneriet inn på den Vestlanske hovudveg. Turvegen er asfaltert og snor seg heile vegen over til Heigrestad. Turen frå Ogna inn til Tvitjørnhytta er rundt tre kilometer. Du kan rekn ein liten time kvar veg. Tilkomsten er universell utforma, men det er nokre bakkar undervegs som krev skryvekraft eller gode batteri.

💡Turtips: 
I hytta kan du eta matpakka di, varma deg ved peisen og kosa deg med bøker frå hyttebiblioteket. 

🗺️ Lenke til kart

Vedafjell

Har du barn som er opptatt av historie eller elskar mystikk? Minna frå krigen vert levande og nære på Vedafjell. Sjølv om kanonar, artilleri, kasernar og ikkje minst soldatar er vekk for lenge sia, er anlegget i så god stand at du kan få med noko av alvoret til krigen når du besøker Vedafjell. Fjellet er nemleg heilt gjennombora. Her er mørke tunnellar i alle retningar og fleire bunkersar. Det er lett å gå seg vill inne i mørket, så barn må alltid gå saman med ein vaksen. Pakk også med ei god matpakke, og nyt denne og utsikten frå toppen av Vedafjell etterpå.

Dronefoto av Vedafjell - Klikk for stort bilete

🅿️Parkering: 
Vedafjellet

🚈Tog: 
Vedafjellet ligg 10 minutt frå Sirevåg stasjon

🌳 Turbeskrivelse: 
På parkeringsplassen står det eit stort skilt med kart og skildring av heile anlegget. 

💡Turtips: 
Ta med lommelykt. I bunkersane er det litt fuktig, og det kan derfor vera lurt å ta med støvlar også.

🗺️ Lenke til kart

Send inn foto

Send gjerne inn bilde frå turane på hei@ha.kommune.no eller til @hakommune på Instagram.