Vigrestad storskule, referat SU/SMU - 10.02.22
Dato: 10.02.22
Tid: 19.30 - 20.30
Stad: Personalrom Vigrestad storskule
Tilstade:
Seri (rektor)
Johannes (elev)
Simon TS(elev)
Kjell Ove (lærar)
Linn (andre tilsette)
Brit Tone Bjorheim (FAU-leiar)
Ingelin Aarsland (FAU)
Me saknar politiker representanten. Han var heller ikkje med på sist møte i haust.
Saker:
1: Hærverk og anna uvøren åtferd på skulen i skuletida - kva kan me gjera? Vanskeleg å veta kva ein kan gjera, då mykje av hærverket skjer når elevar går på do etc. Me prøvar å nøste opp i kven som gjer dei ulike tinga som tetting av do, papir og vatn på gulvet men det er ikkje lett. Det er ikkje reinhaldarane som skal rydda opp i dette, det er elevane sjølv. Me må ha auga opne å følgja med, nokre elevar veit kva som har skjedd, men kvier seg for å gje beskjed til vaksne. Det blei og fyrt opp rakett rett etter nyttår i gangen, brannvesen og politi har snakka med klassen det gjeld. Me har sett mindre til hærverk på sykler m.m. på nyåret.
2: Sakar frå elevrådet:
- Elevane ved Vigrestad Storskule ynskjer å ta i bruk kantina igjen, nå som Noreg har opna opp. 10.klasse har eit sterkt ynskje om å få sitte i kantina igjen, slik som det har vore tidlegare år. - Kantina skal prøves å få åpnet igjen, for at 9.trinn skal få selgja, me skal prøva å få til 1-2 gonger i veka i fyrste omgang. Dette er eit godt innspel, men må finne ein vaksen som kan hjelpe til med dette.
10. klasse har heile sitt område, og 9. trinn har kantineområdet i friminutta.
- Det kjem stadig opp spørsmål frå elevar om moglegheiten for å gå vekk frå “ein mobilfri skule”. - Forstår at elevane vil ha med mobil til skulen, men dette får dei ikkje lov til. Fleire skular som har dette i kommunen. Dette er saker som blir drøfta ila av planleggingsdagene kvar august..
- Mange elevar ved denne skulen slit med mykje lekser. Dette går veldig utover fritida. Det blei også teke opp på barn- og unges kommunestyre om moglegheiten for å bli ein leksefri skule. Kva tenker rektor og foreldre? - Lærarane skal drøfte dette, lesa på forskning knytt til tema. Lærarar må gje lekser som gjer meining.
- Me er godt nøgd med dei nye leikeappartene i skulegarden, men mykje vil ha meir. Er det moglegheit for fleire apparat? Korleis ligg det ann med bordtennisborda? - Stokkalandsmarka held på å lage til bordtennisbord som kan stå ute. Pumptrack- dei skulle laga den enda større, derfor må dei samle inn meir pengar, derfor har dei ikkje begynt med denne. Spurt om at dei i Stokkalandsmarka kan laga fotballmål til grusbanen.
- Meir utstyr. Me ynskjer fleire fotballar, basketballar, volleyballballar og bordtenniskøller. - Alle trinn får utlevert ballar samt eit bordtennissett, bordtennissettet får dei kun 1 av i kvar klasse på u.trinnet. Det forsvinn mykje ballar som gjer at nokre klassar kan stå utan mange ballar, me kjøpar inn men det hopar seg fort opp. Nokre elevar løysar dette med å ta med privat ball.
3: Partnarskap mot mobbing. Begge skular og barnehagar er med, samt lag og organisasjonar. Det skal vera gildt og triveleg for alle i bygda. Arrangementet har vore avlyst dei siste åra pga covid. Det er planar om ein fritidsklubb i det gamle biblioteket på Vigrestad, dette er det Norforsamlinga som har planar om ang ungdomsklubb. Ingrid Lund kjem til Vigrestad for å snakke med foreldrene på Bygdakveld den 19. mai, dette er stas. 22.august er Bygdadagen, då skal den nye parken ved Klobben vera ferdig.
4: Innspel. Eit innspel som kom opp - at ungdomsklubben som kjem kan ver for 8.trinn-20 år. Eit anna innspel var - gymsalen kunne verta brukt i matfriminutta av elevane for leik og aktivitet.
Linn Vigre Skretting
sekretær SU Vigrestad storskule