Lokala vart innreia i stor grad av elevar. Lokalt næringsliv støtta godt opp om tiltaket, både med økonomisk støtte og utstyr. Samarbeidet med næringslivet har utvikla seg vidare, og er ein vesentleg del av suksessen vi har. Samarbeidet består av at vi får praktisk hjelp og støtte hos omliggjande bedrifter ved behov, vi utfører enkle praktiske oppdrag for bedriftene, vi får bruke utstyr ved behov, og elevar som syner høg kompetanse, kan hospitere i bedriftene.
Inndeling
Bygget er delt inn i tre avdelingar og er totalt på ca. 450 kvm. Vi har ei byggavdeling, ei mekanisk avdeling og eit klasserom som og er tilrettelagt for bruk i Elektro.
Alle avdelingane er oppbygd og har utstyr som gjer at elevane kan arbeide med kompetansemåla som vi finn i læreplanane for faga i vidaregåande skule.
Økonomi
Drifta av avdelinga er i stor grad basert på at produksjonen skal gi overskot som finansierer utgifter som leige, straum og vedlikehald/nykjøp av utstyr. Kommunen dekker ein del av desse utgiftene, men prinsippet er at vi skal drive avdelinga som ei bedrift, og elevane skal vere med å kalkulere prisar på produkta våre.
Lønn til tilsette vert dekt innanfor lønnsbudsjettet til skulane som brukar avdelinga. Som hovudregel reknar vi ein vaksen pr. 8 elevar, men det kan vere fleire dersom elevane er erfarne og gruppa fungerer godt.
Produkt
Kva produkt vi lager er under stadig utvikling. Ein viktig del er større leikeapparat som vert plassert på skular, i barnehagar og leikeplassar i kommunen. Vi har og oppdrag for bedrifter, bl.a. sveiseoppdrag. Nokre av oppdraga vert bygd på plassen, og elevane reiser ut for å utføre desse. Vi har og vedlikehaldsoppdrag der vi reiser ut. Vi disponerer eigen bil til dette.
HMS-opplæring er sterkt vektlagt, og elevane går gjennom eiga opplæring før dei får delta i praktisk arbeid.