I Produksjon av varer og tjenester har vi to alternativ. Eit i lokala i Stokkeland som i innhald er identisk med Arbeidslivsfaget og vert retta inn mot kompetansemål i vidaregåande skule..
I Innsats for andre er læringsmåla i stor grad henta på studieretninga Helse og oppvekst. Elevane har ein kombinasjon av teoriopplæring på skulen og praktiske oppdrag. Oppdraga varierer mellom utplassering på sjukeheim, utplassering i ungdomsklubb og å vere aktivitetsleiar for elevane på mellomtrinnet i midttimar.
Design og redesign : Elevane skal einskildvis eller i grupper lage produkt som starter med utvikle ein ide og endar med ferdig produkt. Det vil verte nytta ulike materiale, både nytt materiale og som gjenbruk. Passer for elevar som likar å skape noko med hendene. Arbeidsmåtar og innhald vil vere mykje dei same som ein finn i studieretninga «Design og handverk» i vidaregåande skule.
Fysisk aktivitet og helse. I korte trekk går faget ut på å prøve ulike idrettar, friluftsaktivitetar og aktivitetar der samarbeid står i sentrum. Elevane må/bør ha sykkel og sykkelhjelm i god stand i heile skuleåret. Dei må rekne med at øktene vil vere meir utfordrande enn ordinære kroppsøvingstimar, særleg i samband med uthald.
Programmering. Faget skal gje elevane læring i framtidige behov for kompetanse i næringslivet og evne til å forstå korleis eit stadig meir digitalisert samfunn fungerer.