Helsesjukepleiar på skulen - tysdag, onsdag og fredagTone Marie Nærland Fjellheim er helsesjukepleiar på Vigrestad storskule. Ho er tilgjengeleg for alle born på skulen på tysdagar, onsdagar og fredagar frå kl. 8.00 - 14.00. Mobilnr: 41 53 27 66 Kven kan kome til helsesjukepleiar? Alle kan koma innom for samtale. Føresette kan ta kontakt på telefon. Kva kan helsesjukepleiar hjelpa med? Helsesjukepleiar har teieplikt og barna kan ta opp ulike spørsmål og utfordringar med ho. Det kan vera spørsmål relatert til kropp, kosthald, trening, mobbing, psykiske vanskar, vaksinar eller andre tankar dei har. Korleis tek elevane kontakt? Elevane kan koma innom på kontoret hennar eller be læraren avtala ei tid. Minner om lusesjekk - i heile Norge - kvart år er dette i veke 10 og veke 35. Les meir om vaksineprogram. Pga teieplikt skal e-post kun nyttast til å få avtalar med helsesyster - ikkje til å rettleia og diskutera elevane sine utfordringar. Sist endra 19.09.2023 04.00