Kvar klasse får eit brett med brødmat og pålegg (ost, skinke, leverpostei, agurk, paprika, syltetøy), som blir servert i klasseromma.
Tysdag er kort dag, og det er difor ikkje servering av lunsj/frukt på tysdagar.
Betalinga skjer to gonger pr skuleår. Skal elevar seie opp abonnementet på skulen ha beskjed før 1.desember for vårhalvåret, og 1.juni for hausthalvåret.
Pris pr halvår for mellomtrinnet: kr 1 140,-
Pris pr halvår for ungdomstrinnet: kr 865,-
Me har framleis gratis frukt og eiga abonnementsordning på Tine-produkt (sjå eige punkt under Skolelyst).
I tillegg vil 9.trinn selja mat til ungdommane kvar måndag til inntekt skuletur.
Bestilling og endring gjer de til Siri i administrasjonen
(epost:SiriMalde.hove@ha.kommune.no)