Til stades:
- Margunn Fuglestad Sørensen (5)
- Eva Renate Haugland (5)
- Therese Sørensen Haugland (6)
- Brit Tone Bjorheim (7)
- Dag-Tellef Risdal (8)
- Ingelin Aarsland (9)
- Berit Rugland (10)
- Seri Refsnes (rektor)
Saker:
Sak 01/2022/2023: Konstituering av FAU og SU/SMU
FAU:
- Berit Rugland leder
- Brit Tone Bjorheim nestleder
- Janne Beth Lygren sekretær
- SMU/SU
- Berit og Ingelin
Sak 02/2022/2023: Årshjul
Fau.møter
Veke 42: 18.10. Kl:18.00 ekstra møte rundt skulestrukturen på Vigrestad
Veke 48: 29.11. Kl:18.00
Veke 6: 7.2. Kl: 18.00 SU/SMU: 19.30
Veke 17: 25.4 Kl:18.00
Sak 03/2022/2023: Oppstarten på skulen i haust og ressurser
Rektor opplever at det er tilsett gode tilsette denne hausten, både lærarar og andre tilsette. Alle stillingar var på plass ved oppstart. Har eit par langtidssjukmeldte ellers er alt av ressureser godt fordelt på trinna. Lite lærarvikarar å få tak i, men det har løyst seg greit så langt. Satsingsområda er motivasjon, kor ein då jobbe med bl.a.felles tankesett på skulen. Klassemiljøet er stort sett bra, men ein vert litt utfordra på eit par trinn, men det går den rette vegen.
Sak 4/2022/2023: Skulebussen til Stokkalandsmarka
Har vore mykje bråk og uro på haldeplassen og i bussen. Sjåfør har meldt i frå om eit par farlege situasjoner. Det er sendt visma-melding til heimane i “Markå” og ein ser allereie betring på elevane som tidlegare har utfordra. Det vert og eit felles møte i vellagshuset for dei som bur der onsdag i veke 40.
Sak 5/2022/2023: Natteramn
Ingelin informerte rundt natteramnordninga på Vigrestad og at nye familier skrive seg på sjølv når dei kan tenke seg å gå, for å ta sine 2 vakter som ein forvente at kvar familie gjer i løpet av eit år. Dette går veldig bra no.
Sak 6/2022/2023: Info rundt kantine-dugnaden på 9.trinn
Elevane på 9.trinn starta opp med kantine for ungdomstrinnet frå veke 40. Det er laga ei liste på når kvar elev skal selge og det er også den same gjengen som har med seg mat. Ein tenke ca. 20 einingar per elev. Inntektene går til skuletur for 9.trinn. (2008-kullet)
Eventuelt:
- det blei spelt inn om ein ikkje kunne få til eit valfag som legg til rette for trafikalt grunnkurs på Vigrestad storskule. Med den kompetansen og ressursbruken som er på storskulen i dag, så er ikkje det mogleg å løysa.
Neste møte:
Veke 48: 29.11. Kl:18.00 SU/SMU: 19.30
Ref: Dag-Tellef Risdal
Referat FAU 04.10.2022 (PDF, 837 kB)
Referat FAU 28.04.2022 (PDF, 81 kB)
Referat FAU 10.02.2022 (PDF, 126 kB)