Til stades:
- Brit Tone Bjorheim (8)
- Ann Elin Larsen (5)
- Eva Renate Haugland (6)
- Margunn Fuglestad Herikstad
- Kurt Vold (9)
- Ingelin Aarsland (10)
- Tone Waldeland (7)
- Vigrestad storskule - Seri Refsnes (rektor)
Saker:
Sak 14/2023/2024: Mobil/smartklokke
7.februar kom det nye tilrådingar frå Utdanningsdirektoratet om regulering av mobilar og smartklokker i skulen. Vigrestad storskule har vore mobilfri i fleire år, men me ser behovet for presisering: Mobilen skal vera heime, både på mellomtrinnet og ungdomstrinnet.
Dersom mobilen er med til skulen, skal den samlast inn av lærar i 1.time og vera innelåst i skuletida. Ser tilsette mobilen i løpet av skuletida, skal den takast inn. Dersom elevar nektar å levera inn mobilen, blir det varsla heim. Ungdomsskuleelevar får merknad i åtferd ved brot på reglane. Smartklokke med ringefunksjon vert rekna som mobil.
Sak 15/2023/2024: Natteramn
Sara Sommerstad Tjelmeland, ungdomskoordinator i Hå kommune, informerte om natteramnordninga.
Til info: Det har blitt anbefalt av politiet å filma uønska åtferd, men dette skal ein ikkje gjere. Natteramnsamling onsdag 3.april kl 1800-1900 i kommunestyresalen. Folk er flinke til å stilla opp Vigrestad. 7.klasse får mail på våren ang.oppstart. Det er foreldre på ungdomstrinnet som går natteramn.
Fritidsklubben ynskjer natteramnar på torsdagar.
Sak 16/2023/2024:FAU sin bankkonto
Kan brukast til:
Sak 17/2023/2024: Skuletur: slutt på dugnad til skuleturar og når reiser me?
Det vart bestemt at elevane reiser på skuletur tidleg i 9.klasse
Sak 18/2023/2024: Resultat elevundersøkinga og foreldreundersøkinga
Elevundersøkinga blei teken på 6.-10.trinn, sjølv om det berre er på 7. og 10.trinn som er obligatorisk.
Nytt av året er at det vart publisert i media. I media kom det fram at det var ein del mobbing på Vigrestad storskule, dette har vorte jobba aktivt med, og det vart teken ei ny undersøking i januar som scora betre, og under landssnittet på alle trinn.
Undersøkinga viser at elevane trivest greitt på skulen, men ungdomstrinnet er mindre motivert for skulearbeidet.
Sak 19/2023/2024: Foreldremøta nå til våren. 8. og 10.trinn skal ha. Andre?
5.klasse ynskjer også foreldremøte på våren.
Neste møte vert 17.april - FAU kl 1800 og SMU kl 1930.
FAU representant legg ut på facebookgruppe til kvart trinn/klasse ang.val av representant til FAU og SMU til neste år.
Ref: Margunn F.Herikstad