Til stades:
- Berit Ledsaak Rugland (10)
- Brit Tone Bjorheim (7)
- Eva Renate Aarsland Haugland (5)
- Ingelin Aarsland (9)
- Janne Beth Lygren (8)
- Therese Sørensen Haugland (6)
- Vigrestad storskule - Seri Refsnes (rektor)
Saker:
Sak 19/2022/2023: Elevundersøkinga
Etter undersøkinga har lærarane på kvart trinn analysert sitt resultat for å forbetre resultata: Nokre av tiltak som er gjort: loggskriving, kartleggingsverktøy, sosiogram, livsmeistrings-tiltak, uteskule, sosiale tiltak/turar, gruppearbeid, elevmedvirkning, tilpassing av nivå, varierte arbeidsmåter.
Sak 20/2022/2023: Kantine på mellomtrinnet
FAU bestemte at betalinga skulle skje via giro. Bestillinga blir gjort på lik linje med påmelding til melkeordninga. Tilbodet har ikkje oppstart før til hausten. Dette skal løysast med at kvar klasse får opp eit brett med mat og pålegg til kvar sitt klasserom.
Sak 21/2022/2023: Avslutningsfest 10.trinn
Her har dei ganske god kontroll. 8.kl skal levera kaker, servere og rydde. Elevane som skal lede dette tek kontakt med Dag-Tellef, slik at han kan kvalitetssjekka og vera med som støtte dersom det trengs.
Sak 22/2022/2023: Sommarball
Her er det ein komite. Den representanten som er i FAU frå 9.klasse står som ansvarleg, men kan delegera ansvaret til ein i komiteen. Seri varslar SLT og politiet, slik at dei kan leggja det inn i ruta si den aktuelle kvelden.
Sak: 23/2022/2023: Val av nytt FAU og klassekontaktar til hausten- korleis gjer me?
Bør gjera vala på ein anna måte enn tidlegare. Me ynskjer å spør nokre kandidater på forhånd. FAU representantane som går ut ringjer/tek kontakt for å skaffe ny representant. (må ha nye i 5. 7. og 9.klasse) Me ynskjer at klassekontakt og FAU representanten er den same, dermed slår me saman dei to rollene. Me ha ein FAU representant og ein vara som sit i to år om gongen som før.
Sak 24/2022/2023: FAU som forening
Denne saka kom opp i forhold til dugnadspengar på private kontoer. Me ynskjer å registrere FAU som forening i Brønnøysundregisterert allerede nå før sommeren. Ingelin lager til stiftelsesdokumentet og vedtektene. Dette sendes vidare til elektronisk signering. Leiar og nestleiar og ein representant frå turkomiteen på kvart kull er disponenter til kontoane. Me har bestemt at det nå er nestleiar Brit Tone som står ansvarleg i oppstarten av prossessen i og med leiar Berit går ut av FAU nå til sommeren.
Eventuelt:
- 10. klassetur: Bør innføre at det alltid blir tur til Evje. Fordeler med det er at alle elevane veit i god tid kva dei har i vente, foreldre/turkomite veit i god tid ca. kor mykje pengar som må jobbast inn gjennom dugnad, mindre arbeid for lærere og bruk av tid på foreldremøta. Treng ikkje sende ut skjema over kva tur som er aktuell. osv. I tillegg er opplegget på Evje eit supert opplegg i forhold til å byggje og skape gode relasjoner og eit godt klassemiljø gjennom fysiske aktiviteter, leik og moro. FAU går for å leggja denne turen til Evje kvart år framover frå og med dagens 8. klasse (2009 kullet)
- Innspel frå foreldre: Dei siste dagane i 10. kl etter eksamen: Kan ikkje elevane få avspassere tidlegare slik som i fjor? Dei kan ikkje avspassere utan dei har opparbeida seg dette på forhånd. Her kan dei starte å “samle” opp avspassering allereie i 8. klasse. Dette har Seri informert om i 8. og 9. klasse.
- Bør sjå på opplegget rundt heildagsprøver på slutten av året. Mange har først heildagsprøver for å øve seg, deretter heildagsprøver. Det blir mykje for mange og etter ny læreplan er dette beste måten å bruke tida på? Seri tek dette vidare til lærarane, her var alle einige i at det ikkje skal vera sånn framover.
- TV- aksjonen: Kan FAU skaffe bøssebærere. Me stille oss positive til dette. Infomøte 7. juni der møter Eva Renate. Dette tek me opp igjen på først FAU møte til hausten.
- Trafikkfarlege situasjoner i forhald til bussen. Seri snakkar med bussvaktene om dette. I tillegg ynskjer FAU å oppfordre alle til å snakke med ungane sine om å bruke undergangen under Ringvegen.
Ref: Janne Beth Lygren