Kulturmiljøarbeidet i Hå kommune handlar om å ta vare på både materielle kulturminne og levande kulturarv. Temaplanen gir grunnlag for målretta vern, god informasjon og tilrettelegging av kulturmiljø.
Fakta
- Namn på plan: Identitet, oppleving og kontuinuitet - Temaplan for kulturmiljø Hå kommune 2025
- Vedteken: 1. juni 2025 i kommunestyret i KS-sak 030/25
- Revidering: Planen blir revidert i 2035
Om kommuneplanen
Hå kommune har lang erfaring med kulturvern. Mange kulturminne er i dag verna gjennom kommuneplanen.
Temaplan for kulturmiljø er eit strategisk verktøy som skal peika ut og beskriva viktige kulturverdiar. Desse verdiane blir juridisk sikra gjennom arealdelen i kommuneplanen.
I gjeldande kommuneplan, Hå mot 2036, er 346 enkeltobjekt og område verna. I tillegg er 16 større kulturmiljø definerte som omsynssoner med eigne føresegner. For eigarane betyr dette at tiltak på eigedomane må vurderast opp mot dei aktuelle føresegnene i planen.