Folkehelseplan

Folkehelseplanen er Hå kommune sin strategi for trivsel, inkludering og god livskvalitet dei neste fire åra. Planen legg vekt på førebygging, sosial utjamning og samarbeid på tvers av tenester for å gi alle innbyggjarar gode helse- og livsvilkår.

Planen er sett saman av fleire delplanar. Desse planane tek for seg ulike område som påverkar innbyggjarane si helse og livskvalitet, og til saman gir dei eit heilskapleg arbeid med folkehelse. Kvar plan har sitt eige tema og mål, men alle støttar opp under hovudmåla i folkehelseplanen.

Fakta

  • Namn på plan: Folkehelseplan 2019 - 2023
  • Vedteken: 13.06.2019 i kommunestyret i sak 2019/375 (PDF, 2 MB)
  • Revidering: Planen vert revidert ved behov