Viktig melding

Lukk meldinga

Kunngjering av vedteken Plan 997-4 Detaljregulering for gnr 21 bnr 122, Dalvegen 1, Nærbø

Kommunestyret i Hå kommune har i møte 15.10.2020 i sak 093/20, vedteke detaljreguleringsplan for gnr 21 bnr 122 – Dalvegen 1, plan-ID: 997-4. 

KS- 093/20 Vedtak:

1. Plan 997-4, Detaljreguleringsplan for gnr 21 bnr 122 – Dalvegen 1 med tilhøyrande

reguleringsføresegner blir vedteken, jf. Pbl. §12-12.

2. Del av reguleringsplan 997A for Nærbø Sentrum vedteken 18.05.1989, som ny Plan

997-4, Detaljreguleringsplan for gnr 21 bnr 122 – Dalvegen 1, inkludert alle seinare

planendringar, delplanar og tilhøyrande føresegner, får konsekvensar for, blir oppheva.

 

Om planen

Planframlegget legg til rette for bustadbygging nær Nærbø sentrum, i form av ei blokk på 4 etasjar med parkeringskjellar, der 4. etasje er dels inntrukke.

Planområdet er om lag 1,2 daa, og omfattar ein eksisterande einebustadseigedom. I gjeldande arealdel til kommuneplanen er planområdet avsett til bustadbygningsmasse.

 

Plansaksdokument
Plankart (PDF, 708 kB)

Planføresegner (PDF, 169 kB)

Saksprotokoll (PDF, 661 kB) og dei øvrige plandokumenta inkl planbeskrivelse (PDF, 3 MB) er tilgjengelege her i møteboka, og i Servicetorget på rådhuset på Varhaug.

 

Vil du klage på planen?
Det kan klagast på planen, dei med klagerett får eige brev. Klagen må begrunnast og sendast innan 13. november 2020. Klagen må merkast med Plan 997-4, stilast til Fylkesmannen i Rogaland, men sendast til Hå kommune:
Hå kommune, Rådhusgata 8, 4360 Varhaug
eller epost: teknisk@ha.kommune.no
 

Korleis vert klaga behandla?
Klagen vert behandla i kommunen, får du medhald i klagen vert du kontakta av administrasjonen for vidare saksgang. Ved avslag sendes den vidare for endeleg avgjering hjå Fylkesmannen.


Ynskjer du meir informasjon?
Kontakt saksbehandlar i Hå kommune, Rolf Aleksander Svensen Mellgren                             Epost: rasm@ha.kommune.no  Tlf: 51 79 31 35
Du finn meir informasjon og klagebehandlinga i vedlagte skjema.